Offer for omsorgssvikt får openheitspris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir prisa for openheit

– Ho har brukt erfaringa si som pårørande og psykisk sjuk til å informere og førebyggje. Ho har sett søkjelyset på eit stort samfunnsproblem knytt til skam og stigmatisering. Samtidig legg ho vekt på at det er håp og at det er mogleg å gjere ein forskjell, opplyser Mental Helse Norge.

Tung oppvekst
Torsvik vaks opp med rus og manglande omsorg i heimen. Mental Helse meiner ho har vist mye mot ved å gå ut i media og fortelje historia si.

23-åringen bruker i dag mykje tid på å reise rundt på skular og institusjonar, der ho held føredrag.

I tillegg driv ho Ungt nettverk, ein møteplass for unge i Bergen som gir eit tilbod til born som har foreldre som slit med rus eller psykiske helseplager. Torsvik er også engasjert i organisasjonen Voksne For Barn.

LES OGSÅ: Éin av fem treng hjelp mot depresjon

På pensum
Historia til Torsvik har òg vorte pensum på kurs for fastlegar, skreiv Bergens Tidende i desember i fjor. Avisa har følgt historia tett.

– Ho har vore ein tydeleg offentleg person som har delt si personlege historie for å oppnå meir openheit om emnet, og ho har teke opp kampen for at born og unge som pårørande skal bli høyrt og sett, ifølgje Mental Helse Norge.

Interesseorganisasjonen deler årleg ut Åpenhetsprisen på Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Prisen består av eit kunstverk og ein pengesum som vinnaren gir vidare til eit godt formål.

LES OGSÅ: – Norsk ungdom har det sjukt bra

Overraska prisvinnar
Torsvik seier til Bergens Tidende at ho vart overraska då ho fekk vite at ho er tildelt Åpenhetsprisen.

– Eg vart heilt sett ut då eg fekk vite det. Eg er veldig stolt, og det er eit teikn på at det eg gjer er viktig. Det gir meg også lyst til å fortsetje jobben, seier Torsvik.

Ho har tidlegare lese om prisen, men aldri trudd at ho sjølv skulle få han.

– Eg er jo berre ein enkelt person som gjer litt arbeid. Det finst jo så mange som gjer så mykje meir. At eg skal få prisen er derfor surrealistisk, seier Torsvik til avisa. (©NPK)