– Norsk ungdom har det sjukt bra

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei aller fleste har eit godt tilhøve til familien, nære vener, trivest på skulen og ser relativt lyst på framtida. Det viser ferske tal frå NOVA-rapporten Ungdata. Over 40.000 ungdomar mellom 13 og 16 år rundt om i landet.

– Hovudfunnet i rapporten er at ungdom i Noreg har det betre enn nokon gong før, fortel Mira Aaboen Sletten, som er prosjektleiar for Ungdata. Tre av fire unge trur dei vil få eit godt og lukkeleg liv, og 60 prosent av ungdomsskuleelevane planlegg høgare utdanning. Ni av ti unge har minst éin nær ven, og 80 prosent er "litt eller svært nøgt med mor og far".

– Dei unge er meir skikkelege og veltilpassa enn tidlegare generasjonar, og er opptekne av skule, utdanning og helse, legg Sletten til.

– Eg trur ikkje 65 prosent av alle ungdommane i mi ungdomstid hadde svart at dei var svært nøgde med foreldra sine, sa NOVA-forskar Anders Bakken på eit seminar der resultata blei lagt fram torsdag.

– Norsk ungdom har det sjukt bra, konkluderer Sletten, og legg til at det viser litt av dobbeltheita tilstanden, når ungdom totalt sett aldri har hatt det så bra, samstundes fleire slit psykisk.

LES OGSÅ: Generasjon Lykke

Ikkje alle like nøgde med lokalmiljøet
Både små og store kommunar og kommunar i alle landsdelar ser ut til å lukkast med å skapa eit læringsmiljø som blir opplevd som positivt for eit klart fleirtal av elevane. Dei aller fleste unge trivst godt på skulen.

– Me har òg sett på skilnader mellom kommunar, fortel Sletten til Nova.no.

Det er store variasjonen i kor nøgde dei unge er med lokalmiljøet sitt. Det varierer frå 45 prosent til nærare 85 prosent i kommunane som kjem best ut.

Ungdata viser ingen klar samanheng mellom kommunestorleik og kor nøgd ungdom er med lokalmiljøet der dei bora.

Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa på seminaret at Ungdata gjev kommunane eit godt verktøy for å leggja godt til rette for ungdom. Han viser til at kommunane har fått meir ansvar for helse til innbyggjarane.

LES OGSÅ: Erna vil satse på meir førebygging

Mange slit psykisk
– Sjølv om dei fleste unge har det veldig bra, viser rapporten òg at altfor mange unge opplever stress og slit i kvardagen, understrekar Sletten.

– Dei har søvnproblem, følar håpløyse og har dårleg sjølvbilde.

Rapporten viser at det å føla at livet er eit slit, å bekymra seg for mykje og å ha søvnproblem er vanleg blant ungdom, og over 10 prosent slit med eit høgt nivå av depressive symptom. Delen med slike symptom aukar òg gradvis frå dei minste til dei største kommunane. Unge frå Oslo er meir deprimerte enn unge frå dei fleste andre Ungdata-kommunane.

Jenter er meir plaga og oppsøkjer oftare hjelp enn gutar. Konfliktfylte tilhøve i heimen og lita grad av sosial støtte aukar risikoen for slike lidingar. Fleire undersøkingar viser òg ein klar samanheng mellom mobbing og dårleg psykisk helse.

Anders Sletten fortel at frå 2006 til 2012 har det vore ein ganske dramatisk auke i psykiske problem mellom unge i Oslo.

LES OGSÅ: Mange unge ville vore friskare i jobb

Dårlegare livskvalitet for unge med dårleg råd
Ungdata viser at familieøkonomi har stor tyding for ungdom sin livskvalitet. Fem prosent av ungdomane, vel 2000 unge, svarar at familien deira har hatt dårleg råd dei siste to åra.

Ungdom i familiar med dårleg råd er gjennomgåande mindre tilfreds og er sjeldnare nøgd med foreldre, vener og lokalmiljøet. Samstundes er færre motivert for skule og høgare utdanning, og færre er med i organiserte fritidsaktivitetar.

– Det er svært bekymringsfullt at ungdom i familiar med dårleg råd skil seg negativt ut når det gjeld alle helseindikatorane som er handsama i rapporten, meiner Sletten.

– Dei er sjeldnare nøgt med eiga helse, har oftare symptom på depressive plager, sjeldnare faste måltid og delen som trenar er mindre enn blant ungdom i familiar med betre råd. Hele 34 prosent av unge frå familiar med dårleg råd har depressive symptom.

Ungdata viser òg ein klar samanheng mellom dårleg råd i familien og risikofaktorar relatert til rusmiddelbruk, kriminalitet, mobbing og vald.

LES OGSÅ: Dataspel reddar ungdommen

Sjå video frå presentasjonen:

Faktaboks

Dette svarar ungdom:

Kor nøgd er du med foreldra dine:
Svært nøgd: 65 %
Litt nøgd: 15 %
Korkje eller: 7 %
Litt misnøgd: 6 %
Svært misnøgd: 7 %

Kor nøgd er du med lokalmiljøet?
Svært nøgd: 39 %
Litt nøgd: 30 %
Korkje eller: 15 %
Litt misnøgd: 8 %
Svært misnøgd: 7 %

Trivst du på skulen?
Ja, svært godt: 42 %
Ja, nokså godt: 52 %
Nei, nokså dårleg: 4 %
Nei, svært dårleg: 2 %

Har du skulka skulen i løpet av det siste året?
Ingen gonger: 78 %
Ein gong: 10 %
2 til 5 gonger: 7 %
6 til 10 gonger: 2 %
11 gonger eller meir: 3 %

Sjå fleire tal her!