Den britiske legemiddelgiganten GlaxoSmithKline (GSK) satsar på å få godkjent den første vaksinen mot malaria neste år.

NPK-NTB-Reuters-AFP
NPK-NTB-Reuters-AFP

Testane tyder på at vaksinen – kalla Mosquirix (RTS, S) – reduserer risikoen for å bli smitta av malaria dramatisk.

I eit forsøk blant afrikanske barn fall smitterisikoen med 46 prosent hos 5– 17 månader gamle barn. Blant 6– 12 veker gamle spedbarn gav vaksinen ein redusert risiko på 27 prosent.

– Basert på desse dataa har GSK no planar om å søkje dei europeiske legemiddelstyresmaktene om godkjenning i 2014, seier selskapet i ei fråsegn.

LES OGSÅ: – Verda blir stadig litt betre

GSK legg til at Verdshelseorganisasjonen (WHO) har signalisert at dei kan tilrå vaksinen frå 2015 viss styresmaktene i Europa godkjenner han.

Malaria kjem frå mygg som er infiserte med parasitten Plasmodium. I 2010 vart 216 millionar menneske smitta av malaria. Vel 655.000 døydde av sjukdommen. Dei fleste offera er barn i Afrika, der eitt barn døyr kvart minutt av sjukdommen. (©NPK)

LES OGSÅ: – HIV kan utryddast

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE