Framtida til nynorsken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eg fekk ein e-post frå ein journaliststudent som bad om bakgrunnsstoff til å skrive ein nyheitsartikkel om det norske språket. Artikkelen var eit studentarbeid som ikkje skulle publiserast. Spørsmåla var blant anna om bokmål og nynorsk utfyller kvarandre, og kva som ville skje med sidemålet dersom det blei valfritt. Dette er svært viktige spørsmål så lenge ulike parti har ulike meiningar om dette, og spesielt når fleire parti er ueinige i den offisielle språkpolitikken fram til no. Derfor burde vel denne studenten eigentleg publisere arbeidet sitt og delta i den offentlege debatten. I mellomtida kan eg jo gje mitt perspektiv på saka.

Spørsmålet om valfritt sidemål i skolen er ikkje enkelt. I utgangspunktet handlar det om at vi har to sidestilte skriftspråk i Noreg, og desse to skriftspråka er i dei fleste tilfella valfrie. Det vil seie at den enkelte som regel kan velje fritt kva for eit skriftspråk han eller ho ønskjer å bruke. Sidan begge dei norske skriftspråka er offisielle, nasjonale skriftspråk, er dei også statsspråk. Dette inneber at staten har eit ansvar for å ivareta kommunikasjonen med borgarane.

Sidan val av språk altså er fritt, må den enkelte også kunne få offentleg informasjon på sitt valde språk. Dette har vist seg vanskeleg å gjennomføre, og det er mange som har meiningar om dette; ikkje minst dei som først og fremst tenkjer pengar. Eit anna aspekt ved denne situasjonen er at staten sjølv ikkje har gjort særleg mykje for å handheve den språklege jamstillinga. Dei fleste statlege institusjonar bryt mållova utan at dette har særleg store konsekvensar.

På den andre sida har vi media. Bortsett frå NRK, som er statseigd og dermed må følgje «mållova», følgjer mediebedriftene sine eigne retningslinjer. Det finst ein del nynorsk og ein del tospråklege program og aviser, men det er ikkje til å komme bort ifrå at mediebiletet er dominert av bokmål og Oslo-orientert talemål. På dette punktet har vi ikkje komme mykje lenger sidan debatten mellom Welhaven og Wergeland på 1800-talet. «Alle» kan bokmål – fordi ein er nøydd til det, og altfor mange synest dette er greitt. Nynorskbrukarane kan jo bokmål. Korfor skal dei klage og syte då? Med den same argumentasjonen kan ein snart seie at alle kan engelsk, og at vi ikkje har behov for norsk lenger. Men den meir alvorlege baksida i dagens situasjon er at ikkje alle kan nynorsk (sjølv om dei fleste påstår dei kan nynorsk, men berre ikkje vil skrive det eller ha karakter i det). Problemet er at svært mange lèt vere å lese tekstar på nynorsk fordi det er uvant, eller fordi dei har negative haldningar til nynorsk. Dette skapar eit demokratisk vakuum på nynorsksida. Skriv du tekstar på nynorsk, kan du rett og slett risikere at du ikkje blir lesen eller høyrd i den offentlege debatten. Dette er òg éin av hovudgrunnane til at så mange vel å skifte frå nynorsk til bokmål. Det er svært vanskeleg å halde på sitt skriftspråk, når majoriteten møter deg med negative haldningar og delvis rett og slett ignorerer eller boikottar dei skriftlege ytringane dine. Ein skal vere bra sterk og sta for å stå imot nynorskhetsen i samfunnet.

Dei negative haldningane til nynorsk er der. Det er mykje å seie om det. Det eine er sjølvsagt karaktersystemet. Merkeleg nok har jo ikkje matematikkfaget fått den same negative statusen, sjølv om elevane tradisjonelt har slite med matematikk. Så det er ikkje berre karakterane. Hovudproblemet er at haldningane til nynorsk i stor grad er «nedarva». Foreldra har ofte negative haldningar, og dei gjer sjeldan noko aktivt for å gje ungane sine eit meir balansert syn. Lærarane manglar ofte kompetanse i nynorsk og har vanskeleg for å skjule sine eigne negative haldningar, som i stor grad botnar i eigen inkompetanse på dette feltet. Manglande kompetanse fører i neste omgang til at dei ikkje klarer å lære bort nynorsk, noko som forsterkar dei negative haldningane og «angsten» hos elevane. Ein del politikarar ser lettvinte poeng og nører opp under det heile med sin retorikk. Merkeleg nok ser det ut til at mange av politikarane ikkje skjønner at det framleis finst ein del hundre tusen som har valt nynorsk som sitt hovudspråk. Det blir då enda tydelegare at ein blir diskriminert som nynorskbrukar, og at ein er mindre verd enn dei andre. Kor sterk og sta skal ein vere for å velje å bli på det undertrykte laget?

Kva skjer så når sidemålet blir valfritt? For det første: Dei som meiner at dette går begge vegane fordi sidemålet jo også kan vere bokmål, tek feil! Bokmål vil aldri vere valfritt. Ein kan velje det bort som sidemål på skolen, men ein kjem ikkje unna bokmål i samfunnet elles. Så det er politikarspråk å snakke om sidemål i denne samanhengen. Det er alltid berre snakk om at nynorsk skal bli valfritt. Kall ein spade for ein spade!

Det er ikkje tvil om at svært mange elevar vil velje bort nynorsk som sidemål. Det ligg i menneskets natur å alltid gå lettaste veg. Det vil vere nokre få kultur- og historieinteresserte som vil velje nynorsk, og det vil vere dei som vil opponere mot systemet. Når nynorsk blir valfritt i skolen, vil det også vere vanskelegare å oppretthalde det offentlege kravet om språkleg likestilling, fordi det blir stadig mindre kompetanse på området. Dette kan ein sjølvsagt løyse ved at ein tilbyd nynorskkurs til statstilsette, dvs. at ein lærer nynorsk først når ein skal byrje i ei offentleg stilling der det er kravd. Spørsmålet er då bl.a. korleis det skal gå med lærarutdanninga og fri flyt av arbeidskraft i Noreg. Kven er det som skal undervise på skolar som framleis ønskjer å ha nynorsk som hovudmål? Det seier seg sjølv at det vil bli enda færre skolar på sikt, bl.a. fordi ein får færre kvalifiserte lærarar, og fordi samfunnet elles signaliserer tydeleg at nynorsk ikkje er likestilt eller like mykje verdt som bokmål. Det kan godt hende at nynorsk som sidestilt skriftspråk allereie er truga eller har tapt, jf. klimakatastrofen eller bieproblematikken, men å gjere nynorsk valfritt vil i praksis vere det same som å seie at vi ikkje treng å tenkje miljø fordi det er for seint allereie likevel – eller at vi ikkje giddar å gjere ein innsats.

Nynorsk og bokmål utfyller kvarandre. Det er bruk for begge skriftspråka med bakgrunn i den språklege og historisk-politiske historia vi har. Det er heller ingen tvil om at dei to skriftspråka i dag har blitt påverka av kvarandre, og at verken bokmål eller nynorsk ville ha sett ut slik det ser ut i dag, dersom det ikkje var for den andre skriftvarianten. Dei som kan glede seg over at bokmål i dag er norsk, kan takke nynorsken for det.

På den andre sida meiner eg personleg at det ikkje hadde vore noko stort problem å samle bokmål og nynorsk til eitt språk, «samnorsk» (ein kan jo godt diskutere termen/namnet, som er belasta). Vi har ein lang tradisjon for valfridom og sideformer. Alle er einige om at vi snakkar norsk i Noreg (og fleire samiske språk, kvensk, minoritetsspråk…). Det er òg slik at dei aller fleste snakkar si personlege dialekt, som avvik frå begge skriftspråka i større eller mindre grad. Innanfor talespråket er vi svært tolerante for avvik og mangfald, mens skriftspråka utløyser heftige debattar. Det kan godt hende at ein ved ei samanslåing av bokmål og nynorsk til eitt skriftspråk i praksis ville ta livet at nynorsken på sikt, fordi bokmålsbrukarane, som er i fleirtal, ville favorisere sine former og nynorsken dermed druknar. Men det ville i alle fall vere ein meir naturleg og demokratisk måte å gjere det på, enn å ta eit klart standpunkt mot nynorsk og fortelje alle nynorskbrukarane at ein helst ikkje vil ha dei – dei kan bli valde bort av majoriteten. Retorikken til dei partia som stemmer for valfritt sidemål (nynorsk) er nok ikkje særleg gjennomtenkt – eller så er den kanskje nettopp det. Men då har vi ikkje eit språkproblem; då har vi eit demokratiproblem.