Kulturministeren er prikken over i-en når målungdommen inviterer til seminarhelg om språkleg mangfald i Norden.

mm

 – Me treng engasjerte folk som brenn for språkpolitikken, konstaterer avtroppande kulturminister Hadia Tajik frå talarstolen under opninga av seminaret «Språkleg mangfald i Norden».

– Meir enn språk
Kulturministeren strekar under at språklege minoritetar, anten det er nynorsk, samisk eller kvensk, er avhengige av at majoriteten tek aktive val.

Ein liten minoritet, 40 ungdommar, er i helga samla på Lysebu, eigd av Fondet for norsk-dansk samarbeid, for å læra meir om språkmangfaldet i Norden. Som prikken over i-en har dei fått sjølvaste kulturministeren til å kome under opninga.

– Språk er meir enn språk. Språk er tankar, ein måte me forstår og tolkar tilværet vårt. Når ein dialekt eller eit språk dør, forsvinn denne forståinga, seier Tajik, og fortset:

– Språk kan vere ein samlande faktor, men det kan òg vere ein splittande faktor om det vert brukt feil, seier Tajik, og summerer det heile opp i ei setning:

– Språkleg mangfald er avgjerande for demokratiet.

Større deltakarspekter
Språket er så til dei grader samlande på Lysebu i Oslo denne helga. Det er venteliste på seminaret og leiar i Norsk målungdom, Vebjørn Sture, har høge forventningar.

– Eg trur det vert veldig gøy og at me vil læra mykje. Normalt er me jo berre ungdommar som har vakse opp med nynorsk, eller har forelska oss litt i det etter kvart. No er det eit større spekter av deltakarar med ulik bakgrunn, seier Sture, og siktar til at det er representantar frå både Norsk Døveforbunds Ungdom (NDFU) og den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh.

Oppgradering i språkåret
På programmet står mellom anna paneldebatt om språklovene i Norden, foredrag om stoda for finlandssvensk, lynkurs i samisk, kurs i songdans og gatefest med Det norske teatret, som feirar 100 år den 6. oktober.

Men sjølv om temaet er språkmangfaldet i Norden, er det få ungdommar frå andre nordiske land.

– Det er avgrensa med språkpolitiske organisasjonar i til dømes Sverige og Danmark, så me sleit med å finne ei målgruppe som var interessert, fortel Sture.

Mykje tydar på at dei engasjerte norske målbrukarane vil klare å kose seg uansett, for aldri før har standaren for ei samling av Norsk Målungdom vore så høg som i språkåret 2013. Oppgraderinga frå linoleumsgolv til hotellsenger og basseng er svært velkommen. Likevel er det språkfellesskapen som står i høgsetet på Lysebu.

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE