Digitale leksjonar i verdsklasse på nynorsk

Khan Academy kjem også på nynorsk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Digitale leksjonar i verdsklasse

Den globale digitale utdanningsnettstaden Khan Academy har fått stor merksemd over heile verda. På to år har dei gitt meir enn 280 millionar leksjonar. Elevane deira har løyst 1,2 milliardar oppgåver, frå grunnleggande matte til kunsthistorie. Sist veke blei det kjent at Khan Academy blir omsett til norsk. Dermed kan norske skuleelevar og lærarar få nytte av tusenvis av gratis videoførelesingar som ligg ute på nettstaden.

I første omgang var det tenkt å leggja ut omsetjingar på bokmål, men etter at Framtida.no tok kontakt, har Khan Academy bestemt seg for å skilja mellom dei to offisielle målformene i landet vårt.

– Me har som mål å tilby Khan Academy på to målformer, seier Jonas Ghouchbar, representant for Khan Academy i Noreg.

– Best på begge målformer
– Læremiddel for norsk skule er best på eit språk som elevane kjenner seg igjen i, og som dei føler er sitt. Å få fram læremiddel på begge våre målformer er difor naudsynt. Me er svært tilfreds med å få lov til å bidra til at Khan Academy no kan arbeide for å få dette til, seier Øivind Høines, dagleg leiar for Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) som bidreg med naudsynte tilskot slik at arbeidet med omsetjing kan starta.

Han seier til Framtida.no at NDLA vil integrera innhaldet frå Khan Academy på sidene sine der dette er naturleg.

LES OGSÅ: Vil lovfeta nynorske lærebøker

Gratis utdanning i verdsklasse
Salman Khan, grunnleggar og direktør for Khan Academy seier dette i ein kommentar til støtta dei har fått frå NDLA:

– Khan Academy held fram med å arbeida mot målet vårt om gratis utdanning i verdsklasse for alle kvar som helst, og me er begeistra for åha støtte frå NDLA. Me ser fram til å kunne gi norsktalande heile pakken av personlege læringsressursar frå Khan Academy og me takkar NDLA for støtta til å gjera dette muleg.

Avhengige av frivillige
Jonas Ghouchbar, frå Khan Academy i Noreg, understrekar at Khan Academy er avhengige av engasjerte og frivillige som ønskjer å bidra til å gi eit betre og breiare tilbod.

– Eg håper eldsjeler frå vårt språklege mangfald ønsker å bidra til eit akseptabelt tilbod på to målformer.

Khan Academy har allereie få ei landingsside på bokmål som vil bli utida etter kvart.

– Bokmål er første prioritet fram til betakravet er nådd. Bokmål vil fungera som utøvingsspråk, og etter kvart utgangspunkt for omsetjing til nynorsk, seier Jonas Ghouchbar. Han reknar med at frivillige kan starta å omsetja videoar til nynorsk sommaren 2014.

Brukargrensesnitt og videoar blir omsett i høvesvis Crowdin og Amara.

Sjå grunnleggaren av Khan Academy fortelja om korleis det heile starta:

Sjekk ut lærarbloggen til Framtida.no og Magasinett!

Faktaboks

Khan Academy er ein gratis nettstad der målet er å gjera læring enklare og meir interaktivt for alle.
– Nettstaden har sidan oppstarten i 2006 samla meir enn 4000 korte førelesingar på engelsk laga i form av små filmsnuttar på Youtube.
– Læringa føregår blant anna ved hjelp av instruksjonsvideoar og øvingar.
– Dei siste to åra har Khan Academy gitt 280 millionar leksjonar globalt.
– Elevar har løyst 1,2 milliardar oppgåver.
– Khan Academy opplyser at dei har sju millionar brukarar kvar månad, som løyser over tre millionar oppgåver hver dag.