Får ikkje utbyte av nasjonale prøvar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærer ikkje av nasjonale prøvar

Masteroppgåva, som er gjort ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, viser at elevane har svært lita nytte av prøvane, fortel NRK.

Det viktigaste funnet i masteroppgåva er at skulane strir med kommunikasjonen internt. På den eine sida trur skuleleiinga at lærarane på eige initiativ arbeider med resultata frå dei nasjonale prøvane – og dermed følgjer opp enkeltelevane – på den andre sida har ikkje lærarane fått nokon retningslinjer eller krav frå skuleleiinga. Dermed oppfattar dei dette som lågt prioritert og lar dermed oppfølginga vere.

Ettersom skulane ikkje følgjer opp dei nasjonale prøvane individuelt, går barna glipp av læringsnytta.

Utdanningsdirektoratet meiner undersøkinga er eit godt innspel, men peikar på at det er store forskjellar mellom skulane.

Elevorganisasjonen meiner at dei nasjonale prøvane er meiningslause viss ikkje skulane følgjer dei opp meir systematisk. (©NPK)