Heimkommunen til Ivar Aasen og Dei nynorske festspela får prisen for si breie satsing for å fremje bruken av nynorsk.

Andrea Rygg Nøttveit, Svein Olav Langåker
Andrea Rygg Nøttveit, Svein Olav Langåker

– Kva passar vel betre enn at heimkommunen til Ivar Aasen får ein slik pris i det året der vi markerer at det er 200 år sidan målpioneren blei fødd, seier kommunal- og regionalminister Navarsete.

LES OGSÅ: Difor er Sogn og Fjordane årets nynorskkommune

Rosa Radøy
Dei andre nominerte kommunane var Radøy og Sveio i Hordaland, Valle i Setesdal, Nissedal i Telemark, Vågå i Gudbrandsdalen, Ulstein på Sunnmøre og Jølster i Sogn og Fjordane.

Juryen rosa spesielt Radøy kommune, som satsar på språkrettleiing av dei kommunalt tilsette og på bruken av striledialekta i sitt omdømearbeid.

Det var likevel ingen som kunne hamla opp med Ørsta, kommunen som har husa Ivar Aasen sjølv. Prisen vitnar om at dei skjøttar arven sin godt.

 – Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og oppfølging i det daglege arbeidet, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

LES OGSÅ: Fjell kåra til årets nynorskkommune

Klårt språk
Tidlegare har vinnarar av prisen er Stord, Seljord , Fjell og Sogn og Fjordane.

Kommunalminister Navarsete vonar at nynorskprisen kan bidra til å utvikle nynorsk som eit godt språk i offentleg forvaltning.

– Stadig fleire kommunar arbeider no med å gjere språket dei nyttar klårare. I det arbeidet er det viktig å hugse at god nynorsk også er klårt språk, seier Navarsete. 

Ordførar i Ørsta, Rune Hovde, fekk med seg prispengane på 100.000 kroner og eit bilete av grafikaren Terje Risberg.

Under utdelinga uttala Rune Hovde at prisen no endeleg har kome heim.

– Det er fole kjekt. Eg er utruleg stolt, sa Hove, og la til med eit smil at prisen var fortent.

– Me har jobba veldig målretta med nynorskarbeidet i kommunen. Eg vil takka alle i kommunen som jobbar med nynorsk kvar dag, sa han vidare, og takka spesielt Jostein Mo og Terje Kjøde.

Søknaden til Ørsta på seks sider skildra det omfattande arbeidet som kommunen har lagt ned for å styrkja nynorsk i eiga forvaltning og i frivillige organisasjonar i kommunen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE