«Jysla jiilt mæ jærsk»

I dag kan nye og gamle jærbuar lese eit heilt avisbilag om jærsk på jærsk, slik feirar Jærbladet språgåret 2013.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har jakta på det breiaste breie, fortel Hilde Garlid, redaktør i Jærbladet.

I dag kjem avisa ut med bilaget «Jærsk på jærsk», og redaktøren reknar med å verte arrestert på detaljar i dialektbruken.

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Funne opp dialekta att
To jærske journalistar, ei frå nord og ei frå sør har jakta Jæren rundt etter dagens jærsk. I tillegg til bilaget er resultatet mellom anna dialektprøvar i eit interaktivt kart, ein test av kor jærsk du er og den lokale humoristen Tore Kåstad som testar om jærbuane kan saueregla si.

– Me har ikkje leita etter den Garborgske gamlejærsken. Dette er ikkje eit sørgjetog over at jærsken forsvinn og at alt var betre før. Språket er levande. Me har funne at ungdom gjennom SMS og sosiale medier har funne opp den skriftlege dialekta på nytt, seier Garlid.

Unge jærbuar som er spurd nyttar ikkje berre dialekt på sosiale medier. Dei nyttar det òg når dei skriv kjærleiksbrev. På e-post til framande derimot er dei meir formelle.

Men om ikkje alt var betre før, så har dei funne at jærsken var breiare før.

I følgje Sylfest Lomheim går det òg i retning av eit likare jærmål, som trekk mot “hovudstaden” Bryne, medan utkantane gjerne vil snakke ei dialekt nærare stavangersk.

LES OGSÅ: – 1800-talet ringte og ville ha språksynet sitt attende

Det gamle og det nye testamentet
Ideen er inspirert av Fredrikstad Blad, som 6. mars i år gav ut heile avisa på austfolddialekt. Men der dei i Fredrikstad skreiv vanlege nyheiter på dialekt, har Jærbladet eit eige bilag med dialektstoff på dialekt. Alt, inkludert annonsetekstane er skrivne på dialekt.

– Det er ikkje noko oppskrift på korleis ein skal gjere dette. Utfordringa har vore å finne ut kva line ein skal leggje seg på, fortel Garlid.

«Jysla jiilt», om jærske ord og uttrykk, av Bente Vigre har fungert som nytestamentet i arbeidet, medan ei eldre bok av Tobias Skretting har fungert som gamletestamentet. Men det er det jærske folk som er den viktigaste kjelda.

LES OGSÅ: Nynorskbrukarar takkar BT

– Skriftleg dialekt er løye
Lærar og leiar i Time Mållag, Turid Time, har bidrege med korrekturlesing og rettleiing.

– Skriftleg dialekt er løye men ein kan ikkje halde på slik. Me er ikkje vane med å finne opp språket undervegs, så ein må nesten ha ei norm, seier Time, som tykkjer tiltaket er ein veldig god idé og trur det kan gjere folk meir bevisste på at dei har ei flott dialekt

– I jærmålet skjer det veldig mykje veldig fort, fordi det er ein region i vekst. Språket har endra seg mykje dei siste 20 åra, men eg er ikkje redd for jærmålet. Språk skal vere i utvikling, meiner mållagskvinna.

LES OGSÅ: Skifta hovudmål med tungt sinn

Ein bergensk jærbu
Kompetansen til Time har kome spesielt godt med sidan redaktør Hilde Garlid sjølv er tilflyttar.

– Då eg byrja i Jærbladet for 20 år sidan måtte eg konvertere til nynorsk, noko som var ei utfordring for ein bergensar. Eg har eit kjærlig forhold til språket her. Den jærske dialekta er ein identitetsmarkør, det er annleis enn stavangersk, heldigvis, seier Garlid, som meiner at jærbuane er flinke å halde på dialekta si.

Redaktøren sjølv er strålande nøgd med dialektbilaget og er spent på mottakinga, men ho har ei innrømming å kome med.

– Eg slit med å lese det. Det vert ikkje slik at ein kjenner att orda, det vert meir staving. Her får alle tilflyttarar ei utfordring i fanget, seier redaktøren.