Bygdeborn meir overvektige

Delen overvektige born i Noreg er opptil dobbelt så stor på bygda som i byane, ifølgje ein ny studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir overvekt på bygda

Barnevektsundersøkinga frå Folkehelseinstituttet samanliknar overvekt blant born som bor i små kommunar (færre enn 10.000 innbyggjarar) med overvektige born i større kommunar (meir enn 50.000 innbyggjarar), skriv Dagens Medisin.

LES OGSÅ: Gitarspel mot fedme

Dobbelt så mange overvektige
Over 3.100 tredjeklassingar frå 125 skular og ti fylke har delteke i undersøkinga, der helsesøstrer landet over har målt livvidda og vekta til åtteåringane.

Delen overvekt og fedme er mellom halvannan gong og dobbelt så stor hjå born som bur i mindre kommunar sett opp imot born i urbane kommunar, opplyser stipendiat Anna Biehl ved senter for sjukleg overvekt i Helse sør-aust på sjukehuset i Vestfold og Folkehelseinstituttet.

LES OGSÅ: – Dårleg kosthald er omsorgssvikt

Transportavhengige bygder
Undersøkinga kan ikkje forklare dei store forskjellane mellom by og land.

– Men moglege forklaringar som blir trekt fram er at det på bygda er lengre veg frå heimen til aktivitetstilbod, som igjen set grenser for kven som deltek. Ein er meir avhengig av transport enn i byane, seier Biehl til Dagens Medisin.