Meir tungmetall i øko-grønsaker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Økologiske grønsaker dyrka i Oslo-området, har høgare verdiar av radioaktive stoff og tungmetall som kadmium, nikkel og arsen enn konvensjonelt dyrka grønsaker, viser ei undersøking som Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Bioforsk har gjort.

Stikkprøveundersøkinga viser høgare verdiar av tungmetalla i økologisk løk, potet, blomkål, gulrot og salat dyrka i område der det er mykje alunskifer i jorda. Det gjeld særleg Oslo-feltet, som strekk seg frå Skien og Porsgrunn i sør til Hamar og Lillehammer i nord.

Særleg i Hedmark fann forskarane uventa høge konsentrasjonar av uran i dei økologiske grønsakene.

Overraskande store forskjellar
Forskingsdirektør Nils Vagstad i Bioforsk seier i ein kommentar til undersøkinga at han ikkje synest det er rart at tungmetallinnhaldet er høgare i plantar dyrka på alunskifer, som inneheld mykje tungmetall, men han er overraska over at forskjellane viser seg å vere såpass store mellom økologisk og konvensjonelt dyrka grønsaker.

– Ei av forklaringane er sjølvsagt at det ikkje blir nytta mineralgjødsel i den økologiske produksjonen, og dermed erstattar tungmetalla av og til andre metall og mineral som plantane treng, seier Vagstad, ifølgje nettsida til Bioforsk.

Men om det er nødvendig å gjere noko med det, er meir uvisst til forskarane har fått studert dette grundigare, poengterer Vagstad.

Det er Matgruppa, som gir råd til Kriseutvalet for atomberedskap i Noreg, som har tinga rapporten frå UMB og Bioforsk, og Matgruppa har no sendt han vidare til Mattilsynet og Landbruks- og matdepartementet. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?