Lærte meir om yrkesval

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Karrieredagane skal vise elevane kva studie som fins og kva yrke dei kan resultere i. Dette skal redusere talet på elevar som vel feil studieretning på vidaregåande skule.  

I Voldahallen og på Høgskulen i Volda hadde ei rekkje bedrifter laga til stand der dei fortalde om kva dei gjer på og kva ein må studere for å kome dit. Mange av yrka har eit stort behov for arbeidskraft, og ville gjerne rekruttere ungdomen.  

Tømrarfag
Lærar Odd Erik Engetrøen på byggfaglinja på Ørsta vidaregåande skule var ein av dei som oppmoda elevane om å velje yrkesretta fag.

 – Bygg- og anleggsbransjen i Ørsta og Volda er spesielt på hogget for å få tak i ungdomane no. I januar skal dei saman med Ørsta vidaregåande skule besøke ungdomsskulen for å vise elevane kva byggfag er. Signala frå bransjen er at det er eit skrikande behov for rekruttering. På Ørsta vg. skule har vi intensjonsavtalar om at bransjen tek inn seks lærlingar kvart år. Det er veldig bra, og kan verte utvida om bransjen ønskjer det, seier Engetreøen.  

LES OGSÅ: Døve Per Kristian skal bli snikkar

Elektrofag
I nabobåsen var det elektrobransjen som prøvde å freiste ungdomsskuleelevane med spanande arbeid. Eleven Åge Gjengedal Sætre nytta høvet til å få klatra i ein telefonstolpe med stolpesko, og fekk eit innblikk i kva bransjen hadde å tilby.  

– Det er kjekt å få gå rundt og finne ut kva arbeid eg kan få, for det fins mange mulegheiter. Blant anna lærte eg at ein kan gå elektrofag for å verte ingeniør, sa Gjengedal, som allereie har bestemt seg for å gå allmennfag.  

LES OGSÅ: Jublar for auka stipend til yrkeselevar

Blomsterfag
Blomsterfaget på Ørsta vidaregåande skule trekte også til seg mange skodelystne elevar. Magdalena Ira som går VG2 blomster anbefalte linja for elevane som kom for å sjå kva ein blomsterdekoratør gjer.

 – Det er veldig kjekt, og har mykje praktisk arbeid der ein kan bruke kreaitivteten. Linja er heilt fantastisk, sa ho til Ingrid Hovden, Karen Johanne Hovde Vollsund og Monika Brandal Moe i klasse 10D på Ørsta vg. skule.

Les saka i Møre-nytt!

Les fleire sakar om yrkesval her!