Får aldri fred frå mobbarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har alltid vore nokon som blir mobba. Tidlegare kunne dei låse seg inn heime og stengje mobbinga ute. Nå låser ein seg inn heime, skrur på PC-en, og så held mobbinga fram. Ryktespreiing, hatsider, bilde, sjikane og truslar er eksempel på mobbing på internett og mobil.

– Med digital mobbing får mobbeofferet aldri fred. Publiseringa er rask og når mange, seier Vidar Mathisen.

– «Fordelen» er at mobbinga kan dokumenterast, legg han til.
Mathisen kjem frå Barnevakten.no, ein organisasjon som gjev råd om barn og media, og er på kulturhuset på Dalen for å informere foreldre om nettvett og mobbing via internett og mobiltelefon. Tidlegare på dagen hadde han møtt elevane på Tokke skule med det same temaet på timeplanen.

LES OGSÅ: – Betre å seie i frå enn å la det skje

Tøffare språk
På internett er YouTube, Facebook, Snapchat og Instagram berre nokre av mange døme på arenaer med digital mobbing. Den siste som har fått mykje merksemd i media er ask.fm. Den skil seg frå andre sosiale media ved å tillate at brukarane er anonyme. I Storbritannia blir fleire sjølvmord sett i samband med mobbing på ask.fm, og eigarane har blitt møtt med annonseboikott og offentleg fordømming, utan at det har blitt tatt grep.

– Avstand og anonymitet gjer at språket blir tøffare, sa Mathisen til kring 30 frammøtte på kulturhuset.

Han peika også på at mange blir medmobbarar utan å tenkje over det, til dømes ved å sende linkar vidare.

Å bruke eit skjellsord som «hore» kan få store konsekvensar. Mathisen viste til at ein kan bli straffa for ærekrenking og risikere å få det på rullebladet, og dermed mellom anna seinare bli nekta innreise til USA eller Australia.

LES OGSÅ: Føler skulen svikta

Ikkje napp ut internett
Mathisen åtvara foreldra mot å la frykta ta over og bad dei heller bruke tid saman med ungane.

– Det er inga løysing å nappe ut kontakten til internett. Eg synest internett er fantastisk, men foreldre veit for lite om det negative, sa han.

– Søk på Postmann Pat og Nøtteliten kan gje heilt andre treff enn det foreldra ventar …, la han til og gav døme frå eit YouTube-søk.

Og til dei som trudde dei hadde kontroll på unganes internettbruk ved å sjekke loggen i nettlesaren, var responsen frå Mathisen nedslåande.

– Det går ikkje lenger. I dag kan ein surfe usynleg eller fjerne det som ikkje passar å vise at ein har surfa på. Ein 8. klassing veit korleis han eller ho skal lure deg, sa han.

Kultur i heimen
Føredragshaldaren bruka sitt eige liv aktivt i møtet med elevane og foreldra. Han var oppteken av at det blir skapt ein kultur i heimen der foreldre og barn blir vande med å snakke med kvarandre om personlege ting. Mathisen la til at frykt for straff og restriksjonar er vanlege barrierar for å snakke med foreldra om det som uroar.

– Engasjer dykk! Og set dykk inn i nettaktiviteten barna brukar tid på. Ver tydeleg. Dei les ikkje tankane dykkar. Og jobb i «fredstid». Gjer avtaler om tidsbruk, og hald desse. Hugs at avtaler om mobil og nettfri sone også gjeld deg, var oppmodinga frå Mathisen, som minna foreldre om å vera gode forbilde.

– Kor ofte får ungane full merksemd? Me vaksne er som regel like ille på duppedingsar som dei unge. Hos oss er middagen heilag og mobilfri sone, sa han.

Til elevane understreka Mathisen at passord skal vera hemmelege. Identitetstjuveri der ein gjev seg ut for å vera ein annan, er ei vanleg form for mobbing.

– Vener skal ikkje kunne passorda dine. Når vener blir uvener, då tek det av, har representanten frå Barnevakten.no erfart.

Mathisen minna også om at det ikkje er lov å leggje ut bilde på nettet utan løyve av den det gjeld. Han spurde foreldra i salen kor mange som la ut bilde av ungane på Facebook utan å spørje fyrst.

Mange unge treffer andre på nettet. Mathisen synest det var fint med nettvener, men han bad foreldra fylgje med.

– Sei ja om dei spør om dei får treffe nettvenen. Men køyr dei til møtet. Seier de nei, gjer dei det likevel, og Per på 12 kan vera Wilhelm på 46. Det kan like fort skje her som på større stadar, sa han.

LES OGSÅ: Lærer å mobba på skulen

Mobbing for fjerde gong
Møteplass for foreldre har blitt arrangert med jamne mellomrom sidan 1998, og er ein del av barne- og ungdomsplanen i Tokke kommune. Det er eit samarbeid mellom oppvekst-, kultur- og helseetaten i kommunen.

– Mobbing var også tema i 2002, 2007 og 2009, seier leiande helsesyter Liv Hauglin Kaasin, og legg til at Tokke er blant kommunane som har skrive under på manifestet mot mobbing.

Tysdag var det elevar og foreldre i Høydalsmo som fekk besøk av Vidar Mathisen.

– Det blir mykje fokus på det negative, men eg ynskjer fleire vaksne på nett. I min heim er det normalen. Men hugs å prioritere «offlinetid», sa Mathisen til VTB etter føredraget.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Kva meiner du bør gjerast for at ingen elevar skal bli mobba?

Faktaboks

Tre tips mot digital mobbing
– Bare tulla? Når du sit framom tastaturet kan du ikkje sjå reaksjonen til personen i den andre enden. Hugs at meldingar på nett og mobil kan såre i røyndomen også.
– Tenk deg om før du trykkjer send eller publiser. Du har ingen kontroll over kva andre gjer med innhaldet og det kan vera vanskeleg å fjerne.
– Når du vidaresender ei mobbemelding eller eit bilde, er du sjølv med på mobbinga. Det er du som bestemmer om du skal vera passiv deltakar eller setje ein stoppar for digital mobbing.
Kjelde: dubestemmer.no