Lærer å mobba på skulen
Ørsta ungdomsskule tek i bruk omvendte metodar for å få elevane sine auge opp for dei negative sidene ved mobbing.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Med kurset «Lær å mobbe» er målet at fleire skal tenke seg om før dei plagar andre.
– Eg har aldri opplevd at Ørsta ungdomsskule er ein stad med mykje mobbing, understrekar elevrådsleiar Anna Holen Bjørdal.
– Men det er noko som heiter skjult mobbing. Nettet er ein farleg plass, og vi skal ikkje vere naive. Digital mobbing skjer, seier ho.
LES OGSÅ: – Mobbeskulane må bøteleggjast
Lærer å mobbe
Med kurset «Lær å mobbe» får elevane lære kva som skal til for å verte ein god mobbar. Som dr. Gunnar Pensum snur Tor Arne Johnsen temaet opp ned i forhold til kva folk er van med. Dermed kjem det også tydeleg fram kva som skal til for å stoppe mobbing. Framsyninga skal gi elevane innsikt i kva mobbing gjer med mobbeofferet, med mobbaren og med dei som er passivt publikum
– Dette er noko anna enn å få med eit brev heim. Her får elevane oppleve noko som kan gjere at dei tenker meir over saka, seier Bjørdal. Elevane får sjå framsyninga førstkomande tysdag.
Leiar i FAU, Eli Birkeland, fortel at også foreldra skal få sjå framsyninga på eit foreldremøte seinare på kveld.
– Foreldra har også uttrykt eit ønske om eit møte om mobbing, fortel ho.
LES OGSÅ: Unge trakkaserer kvarandre for å få sex
Føre var
Rektor Kari Buset er glad for initiativet.
– Vi har gode rutinar når det kjem til å handtere mobbing, og det er ingen spesiell grunn til at vi skal ha denne framsyninga no, men det er bra å vere føre var, meiner ho.
I ei elevundersøking i fjor kom det fram at fleire elevar ved ungdomsskulen var utsette for mobbing. Buset fortel at denne undersøkinga var misvisande.
– Fleire elevar har innrømma å ha gitt falske svar, fortel ho.
– Men har vi mobbesaker handterer vi dei med største alvor, understrekar ho.
LES OGSÅ: Ein av to har opplevd digital mobbing
Eli Birkeland håper at mange foreldre vil ta turen på foreldremøtet for å sjå framsyninga.
– Det vert klassevise møter etterpå der det er mulegheit for å diskutere og snakke om korleis vi skal møte ulike utfordringar.
Også rektor Buset gler seg til framsyninga.
– Kanskje får vi auga opp for litt andre måtar å jobbe på.