Kan sletta og laga nye minne i hjernen

Forskarar meiner dette kan hjelpa folk som slit med både lærevanskar og narkotikamisbruk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan sletta minne i hjernen

I filmen “Evig solskinn i et plettfritt sinn” med Jim Carrey og Kate Winslet får ein sjå forviklingane som kan oppstå når ein prøver å sletta den tapte kjærleiken frå minnet.

– Minna våre gjer oss til dei me er, men nokre minne kan gjera livet vanskeleg. Ikkje ulikt filmen, ser me etter måtar velja vekk minne frå tidlegare opplevingar, relatert til narkomisbruk eller traumatiske opplevingar. Studien vår viser at me kan gjera dette i mus – viska vekk djupt nedsette minna om narkotikarelaterte minne, utan å skada andre minne, seier Courtney Miller, forskar ved The Scripps Research Institute i Florida til Science Daily.

LES OGSÅ: – Sosialistar veit lite om fornuft

Det skal vera første gong forskarar har klarte å sletta skadelege narkotikarelaterte minne utan å øydeleggja andre minne.

I den nye studien blokkerte forskarane ein molekylær motor i hjernen til mus og rotter i vedlikehaldsfasen av metamfetamin-relaterte minne.

Forskarane håpar at forskinga deira også kan bidra til å laga betre behandling for røykarar og menneske med post-traumatisk stressyndrom.

LES OGSÅ: Nevrotikarar har mindre hjerne

Kan laga nye minne
Nevrobiologar skal i det siste også ha klart å skapa heilt nye minne ved å manipulera hjernecellene i hjernebarken, ifølgje ein studie publisert i Neuroscience. Det skal vera første gong nokon har greidd dette.

Norman M. Weinberger ved Universitetet i California i Irvine har leia forskingsprosjektet som er utført på gnagarar.

I løpet av forskingsprosjektet spelte dei ein spesiell lyd for gnagarane, og stimulerte så hjernecellene med acetylkolin – eit kjemisk stoff som er viktig når minne blir danna. Neste dag spelte dei mange forskjellige lydar, men då lyden frå gårsdagen blei spelt, viste pusten til dyra at dei kjente igjen lyden.

– Problem med minne og læring er store problem for mange menneske, og sidan me har funne ut korleis hjernen lagar minne og korleis ein kan laga nye minne med eit spesielt innhald, er håpet vårt at forskinga vår kan bidra til å løysa desse problema, seier Weinberger  til Science Daily.

LES OGSÅ: 17-åring bygde kunstig hjerne som oppdagar brystkreft