Frivilliges krav til regjeringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frivilliges krav til regjeringa

Røde Kors og Kirkens Nødhjelp er blant organisasjonane som ønskjer gjennomslag for sakene sine, skriv Vårt Land.

LES OGSÅ: Terningkast to til Frp

Vil ha førebyggingsplan
– Vi håpar partia rettar merksemda mot ung einsemd og psykisk helse, seier generalsekretær Åsne Havnelid i Røde Kors.

Mange unge fell utanfor samfunnet, og Røde Kors ønskjer derfor at skule, helsestasjonar og frivillige organisasjonar samarbeider, forklarer ho.

– Vi etterlyser også ein nasjonal førebyggingsplan. Dette handlar om folkehelsa og framtida vår, som er ungdommen, seier Havnelid.

LES OGSÅ: Erna vil satse meir på førebygging

Vil gje bistand
I Kirkens Nødhjelp er det bistand til utlandet som står på ønskelista.

– Eg håpar internasjonal utvikling kjem høgt på agendaen og at partia erkjenner at Noreg er ein del av verda. Også velstanden vår vert trua av fattigdomen til andre. Større forskjellar fører til sosial uro og konflikt, seier KNs generalsekretær Anne-Marie Nørstelien Helland.

LES OGSÅ: – Vi kan slutte å debbattere om bistand verkar

Spelemonopol og privatskulelov
Human-Etisk Forbund har eit anna behov.

– Vi ønskjer meir likebehandling uavhengig om ein høyrer til Den norske kyrkja eller ikkje, seier fagsjef Bente Sandvig.

Det er viktig å oppnå fullstendig skilje mellom stat og kyrkje, legg ho til.

Kristne Friskolers Forbund har også ei bønn. Der håpar ein på ei forenkla privatskulelov som gjer det lettare å lage private skular.

For organisasjonen Spilleavhengighet Norge er det viktig å behalde spelemonopolet i Norsk Tipping. Organisasjonen fryktar frislepp på spel med Framstegspartiet i regjering.

LES OGSÅ: Vil tette smotthol for privatskular