– OL ut av Russland!

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er essensielt med eit absolutt forbod mot eit russisk vinter-OL i Sotchi 2014. Held det ein annan plass, i Utah, Lillehammer, kvar de vil. For ein kvar pris, Putin kan ikkje få godkjenning frå den siviliserte verda.»

Dette skriv den britiske komikaren og skodespelaren Stephen Fry i eit ope brev på sine vevsider. Brevet frå den opent homofile kulturpersonen har blitt gjenngjeve i fleire av dei største engelsk-språklege avisene, som The Guardian, Huffington Post, og National Post, og har no blitt ein hit på sosiale medium. Twittermeldinga der Fry delte brevet har i skrivande stund blitt retweeta 6,343 gongar, medan lesarane av Huffington Post har delt brevet over 56 tusen gongar på facebook.

LES MEIR: Frå skap til skap

Ber den olympiske komité forsvare humanismen
I brevet går Stephen Fry hardt ut mot OL i Sotchi, og ber IOC (Den internasjonale olympiske komité) og Storbritannias statsminister David Cameron ta grep for å hindre at vinter-OL i Sotchi går som planlagt i 2014.

Bakgrunnen for motstanden mot eit vinter-OL i Russland er dei «fascistiske lovene president Putin har pressa gjennom i Dumaen».

Ei av lovene Fry siktar til er den internasjonalt omstridde lova som forbyr homofil «propaganda». Lova gjer det mellom anna ulovleg å snakke positivt om homofili i skulen. Samstundes er hets, vald og drap av homofile utbreidd, og på veven florerer det med videoar der homofile vert trakassert, nedverdiga og åtaka.

Fry meiner situasjonen er alvorleg.

– Overfall, mord og krenkingar av skeive vert ignorert av politiet. Eit kvart forsvar for eller fornuftig diskusjon av homofili er forbode. Ei kvar utsegn, til dømes at Tsjaikovskij var homofil og at hans kunst og liv reflekterer seksualiteten hans, og er ein inspirasjon for andre homofile kunstnarar, kan verte straffa med fengsel, skriv Fry.

Han meiner at den olympiske komité no må ta grep og syne kvar skapet skal stå.

– Det er rett og slett ikkje nok å seie at homofile utøvarar kanskje, eller kanskje ikkje, vil vere trygge i OL-byen. Det er heilt naudsynt at IOC står last og brast i forsvaret for humanismen, mot dei barbariske, fascistiske lovene som Putin har pressa Dumaen til å vedta, skriv han.

LES MEIR: Vil bryte med Moskva

Ulovleg med homofil «propaganda»
I brevet går han langt i å samanlikne måten skeive vert behandla i Russland i dag, med måten jødane vart behandla tidleg i Nazi-Tyskland. Fry, som sjølv er både jødisk og homofil, meiner no det internasjonale samfunnet må handle før tilstanden blir verre.

– Eg er homofil. Eg er jødisk. Eit dusin familiemedlemmar av mor mi fall for antisemittismen til Hitler, skriv Fry i det opne brevet.

– Kvar gong ein homofil tenåring vert pressa til sjølvmord, ei lesbisk kvinne opplever «korrigerande» valdtekt, homofile kvinner og menn blir slått i hel av nynazistiske gjengmedlem medan russisk politi let vere å handle, kvar gong dette skjer (og det skjer heile tida) vert verda mindre, og eg gret på nytt fordi historia gjentek seg, skriv han.

LES MEIR: – Valet er mitt

Flagga med regnbogeflagg
Fry er ikkje den einaste kjendisen som protesterer mot dei nye lovene. Tidlegare i år fekk skodespelar Tilda Swinton fotografert seg medan ho flagga med eit regnbogeflagg framfor Kreml. Rett bak ho står ein politibil, og flagginga er eit døme på "propaganda" som med dei nye lovene kan bli straffa med fengselstraff.

Med bilete sendte Swinton ut ei helsing: «I solidaritet. Frå Russland med kjærleik».

Saka fortset under biletet.

Eskil Pedersen òg kritisk
Òg i Noreg har dei nye anti-propagandalovene, og den manglande handteringa av hets av skeive, vekt motstand.

Eskil Pedersen sa tidlegare i august til VG at Russland burde miste OL om dei ikkje endra anti-propagandalova, medan utanriksminister Espen Barth Eide har uttalt at han er svært uroa for utviklinga i situasjonen til dei skeive i Russland spesielt og Aust- Europa generelt.

– Frå 1990-talet har vi opplevd at situasjonen for homofile langsamt, men sikkert, har betra seg. No opplever vi dessverre ei bølgje av motkrefter, seier han til Aftenposten

LES MEIR: Homofile får dårlegare løn