– Set smilefjes på språkpolitikken

Gjennom valkampen har ulike organisasjonar trilla alt frå terningar til pandaer på partiprogramma. Norsk Målungdom svarer med språkpolitiske smilefjes.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har sett opp ei liste over nokre av dei viktigaste nynorsksakene, og deretter gått gjennom partiprogramma for å sjekke kva dei ulike partia går til val på når det gjeld desse emna, forklarer nestleiar i NMU, Kristofer Olai Ravn Stavseng (21).

– Vi har prøvd å gjere det ganske sjølvforståande. Jo blidare fjes, jo betre politikk for nynorsken – og omvendt, seier Stavseng.

Tidlegare har Nynorsk kultursentrum vurdert språkpolitikken til partia.

Mykje sidemål
Tre av åtte kategoriar handlar om ulike sider av norskfaget. Stavseng meiner det er heilt på sin plass.

– Kva rolle nynorsk og bokmål skal ha i norskfaget, er eit så innfløkt og viktig emne at vi kunne ha laga eit eige skjema om berre den saka, seier Stavseng.

– Til dømes ville det vere feil å gje full utteljing i sidemålssaka for dei partia som prisverdig nok vil ha eigen sidemålskarakter, men som samstundes unngår å nemne tidleg start. Med fleire spørsmål om dette, får vi fram eit meir nyansert bilete, meiner Stavseng.

Mange spørjeteikn
Dei fleste partia har ein del blanke felt i skjemaet. Stavseng presiserer at smilefjesa er delt ut utelukkande på bakgrunn av partiprogramma.

– Handling veg tyngre enn ord, men det er orda og programma som lèt seg systematisere på denne måten. Så er det klart at nokre parti får litt lite utteljing rett og slett fordi dei ikkje har programfesta enkelte ting som dei gjerne ville meint om det kom til kritet, men sånn er det. Det får heller vere ein motivasjon til å programfeste meir eksplisitt nynorskpolitikk neste gong, smiler NMU-nestleiaren.

Kunne vore meir omfattande
– Det er også ein del spørsmål og programformuleringar som ikkje har fått plass i skjemaet, rett og slett fordi litt av vitsen er å gjere det oversynleg og handterleg. Men vi vonar å ha fått med dei viktigaste nynorsksakene, i alle fall.

– Og så oppmodar vi naturlegvis alle til å lese partiprogramma før dei røystar, avsluttar Stavseng.