– Det er trist

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er trist at politikarar i fullt alvor kan få seg til å hevda at sidemålsundervisninga i skulen gjer at ungdomar vert kriminelle, meiner Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar

– Lettvint resonnement
Hege Jensen, andrekandidat på FrP si stortingsvalliste i Hedmark har til avisa Østlendingen hevda at nynorsk fører til kriminalitet. Saka har vorte delt gonger i sosiale medier og vorte møtt med meir latter enn harme.

– Utsegna har fått mange til å trekkje på smilebandet, men bak den utsegna ligg dei eit resonnement som er så lettvint at det slett ikkje er moro, skriv Tennø i ei pressemelding.

Til Østlendingen fortel Jensen at ho har «snakket med flere ungdommer med innvandringsbakgrunn om dette». Desse ungdomane er frustrerte av di dei må læra bokmål og nynorsk i skulen. Denne frustrasjonen kan føra til at dei sluttar på skulen og «det ene fører til det andre».  Resonnementet munnar ut i at: nynorsk kan føra til kriminalitet.

Dette vil leiaren i Mållaget slett ikkje vere med på.

– For det fyrste er det slik at fråfallet på vidaregåande skule for det meste skjer på yrkesretta utdanning, ei utdanning som ikkje driv sidemålsopplæring, seier Marit Tennø.

– For det andre er det slik at svært, svært mange elevane med det Jensen kallar "innvandringsbakgrunn" alt for ofte har fritak frå sidemål. For det tredje finst det ingen dokumentasjon i det heile frå noka som helst gransking om at det er sidemålsopplæringa som gjer elevane som sluttar på vidaregåande skule "frustrerte".

LES OGSÅ: – Det er sjeldan eg vert målbunden

– Ikkje minoritetsspråklege, men fleirspråklege
Noregs Mållag vert jamt kontakta av norske skuleelevar med utanlandske foreldre som fortel det stikk motsette av det Jensen hevdar. Av di dei har ikkje-kvit hudfarge og har foreldre med eit anna morsmål enn norsk, vert desse elevane definerte som "minoritetsspråklege". Dette trass i at dei har budd i Noreg heile livet og snakkar kav norsk. Sanninga er jo at elevane slett ikkje er minoritetsspråklege.

– Dei er ofte fleirspråklege. Dei meistrar norsk og dei snakkar ofte eitt eller fleire språk i tillegg. Ein svært god eigenskap, seier Marit Tennø.

– I eit integreringsperspektiv er det slett ikkje noko i vegen med bakgrunnen til desse elevane med "innvandringsbakgrunn", derimot er det eit stort politisk problem i eit integreringsperspektiv at staten og kommunen bortdefinerer desse elevane ut av det norske ved å gje dei stempelet "minoritetsspråklege". Dei er slett ikkje minoritetsspråklege, dei er fleirspråklege og det er ein eigenskap stat og kommunar burde verdsett mykje høgare, seier Marit Tennø.