To store jordskjelv har ramma Venezuela. Den midlertidige presidenten, Delcy Rodríguez, har erklært unntakstilstand i landet.
Fredag morgon er minst 254 menneske stadfesta døde og minst 4300 skadde, ifølgje NRK. Tala er venta å stige, og ekspertar anslår at det kan vere snakk om mellom 10 000 og 100 000 omkomne, skriv VG. Fleire tusen er meldt sakna etter skjelva.
Det allereie kriseramma landet er dårleg skikka til å handtere ein slik katastrofe. Mange år med sanksjonar frå andre land har ført til at nesten åtte millionar menneske har behov for humanitær hjelp, allereie før skjelva, ifølge FN.
Det fyrste skjelvet hadde ein styrke på 7,2 på Richters skala. Det andre hadde ein styrke på 7,5. Skjelva var kraftigast nord i landet, ikkje langt unna hovudstaden Caracas.
Ein brannmann reddar ein hund frå eit kollapsa hus i Venezuela. | Foto: AP Photo/Pedro Mattey
Starmer trekkjer seg som statsminister
Statsministeren i Storbritannia, Keir Starmer, går av. Partifellen Andy Burnham, som har vore i Labour i mange år, har meldt seg som ny kandidat. Det skriv NRK.
Det skjer etter at Starmer over lengre tid har fått massiv kritikk for eit dårleg mellomval i mai. Fleire ministrar har trekt seg den siste tida, og meir enn 100 Labour-representantar har tatt til orde for leiarskifte.
Med dette får Storbritannia sin sjuande statsminister på ti år, etter ei rekke regjeringskriser.
Starmer vil fortsette som statsminister fram til leiarvalet i haust.
Statsminister Keir Starmer rakk ikkje å sitje ein full periode før han måtte pakke saman. | Foto: AP Photo/Alastair Grant
Dødsfall og drukningar under hetebølgje i Europa
Etter ein rekordvarm mai har Europa no ein rekordvarm juni, skriv BBC.
Over 200 dødsfall i Spania blir knytt til den pågåande hetebølgja i Europa, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Landet har hatt den varmaste junidagen som nokosinne er målt der. I Italia er det raudt farevarsel over heile landet.
Onsdag heldt gradestokken i Frankrike eit snitt på meir enn 30 gradar døgnet rundt, og landet målte sin varmaste dag nokosinne. Over 40 menneske har drukna i Frankrike sidan midten av førre veke. Statsminister Sébastien Lecornu fortel at dei fleste var unge, og at ulykkene skal ha skjedd på stader utan badevakter. Tre barn er også funne døde i bil i Frankrike, og dødsfalla blitt sett i samanheng med ekstremvarmen.
To personar kjøler seg ned nær Eiffeltårnet i Paris. | Foto: AP Photo/Christophe Ena
18-åringar dømde for Foxtrot-oppdrag
To norske 18-åringar er dømde for grov fridomsrøving og skyting mot ein bustad, på oppdrag frå det kriminelle nettverket Foxtrot. Det melder TV2.
Dei to 18-åringane får eitt år og tre månader fengsel, tre år ungdomsstraff, og må betale erstatning på meir enn 400 000 kroner til dei fornærma i saka.
Ein svensk 26-åring blei dømd for organisering av fridomsrøvinga. Det blei sett som skjerpande for straffa at dei filma det dei gjorde.
Dei fekk også instruksar direkte frå Foxtrot-toppar som følgde videostrøyminga direkte. Den kriminelle gjengen Foxtrot har tilhøyrsle i Sverige, medan handlingane skjedde på Høybråten i Oslo, og i Rælingen.
Romerike og Glåmdal tingrett i Kongsvinger. | Foto: Jonas Been Henriksen / NTB
Skattekommisjon foreslår store endringar
Sidan mars i fjor har ein eigen kommisjon, altså ei utvald gruppe menneske, jobba med eit nytt skattesystem. Denne veka kom forslaget deira, skriv NRK.
Kommisjonen foreslår mellom anna kutt i formuesskatt og inntektsskatt. Pensjonistar og dei som eig dyre bustader, kan få høgare skatt.
Målet til finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har vore å finne eit system alle på Stortinget kan bli einige om.
Likevel kan det ta tid å innføre forslaget. Det er allereie usikkert om ein kan finne eit kompromiss mellom høgre- og venstresida, skriv Altinget.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.