Berre ei veke etter at han opna for ein stor vindmøllepark på Fosen, seier energiministeren at han ikkje vil godkjenne fleire prosjekt på land.

– Både vass- og vindkraftprodusentar i Noreg har fått alt dei har bedt om i mange år. No er det på tide at dei realiserer utbygginga av fornybar energi i Noreg, seier Borten Moe.

LES OGSÅ: – Ingeniørar må flyttast frå olje til vindkraft

Skuldar på rammevilkåra
Under halvparten av vindkraftprosjekta som har fått konsesjon av regjeringa har blitt realisert. Ola Borten Moe skuldar på produsentane, medan bransjen sjølv meiner rammevilkåra for vindkraft er for dårleg, fortel NRK.no.

Vindkraftprodusentenes forening seier grunnen til at berre halvparten av godkjente vindmølleparkar blir bygde ut, er at pengane til investorane i staden går til vindmøller i Sverige.

– Noreg og Sverige må få likt avskrivingsnivå når det gjeld fornybar energi, seier administrerande direktør i Norwea, Øyvind Isachsen.

– No er det mykje dårlegare avskrivingsreglar her i landet, men vi konkurrerer på det same marknaden.

LES OGSÅ: Fleire kommunar vil ha vindkraftskatt

Møtte vindmølleskeptikarar
Søndag møtte Borten Moe vindmølleskeptikarar i bygda Kvam utanfor Steinkjer i Nord-Trøndelag. Der vil det tyske storselskapet E. ON byggje vindmøllepark, og konsekvensutgreiinga er i gang. Men lokalbefolkninga strir imot.

Borten Moe gir dei støtte.

– Ein kan ikkje forvente at eg skal godkjenne nye, store og kontroversielle prosjekt, utan at ein først byggjer det som allereie er godkjende. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

Kommentarar

ANNONSE