«Digital detox» i Oxford-ordboka

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei nye orda i engelsk

«Twerk», «selfie» og «digital detox» er mellom dei nye orda i den offisielle Oxford English Dictionary, melder Reuters.com.

LES OGSÅ: «Shitstorm» er no eit tysk ord

Tusen nye ord
Kvart år kjem det rundt 1000 nye engelske ord inn i ei av verdas største og mest tradisjonsrike ordbøker. Fleire av årets endringar speglar samfunnets utstrakte bruk av teknologi og sosiale medium. Ordbøker er i stadig endring saman med samfunnet. Nye ord kjem til, gamle dett ut.

LES OGSÅ: Fjernar upassande ord i Nynorskordboka

«Fomo»av «digital detox»
I tillegg til «digital detox», som er å ikkje nytte mobil eller telefon, har «unlike», og «fomo» kome inn i den offisielle ordboka.

Dei fleste nordmenn, i alle fall den oppveksande generasjonen, vil kjenne att ordet «unlike», som er det ein gjer når ein tek vekk ein Facebook-likar. Ein tek vekk den positive tommelen ein fyrst trykka på.

«Selfie» er òg til ein viss grad sjølvforklarande. Det er eit sjølvportrett, gjerne teken med smarttelefon.

«Fomo» er kort for «fear of missing out», altså frykt for å gå glipp av noko. Ein vanleg reaksjon på digital detox.

LES OGSÅ: Årets ord: å nave

Miley Cyrus-dans
Men det er ikkje berre sosiale medium som har snike seg inn mellom dei tjukke permane med offisiell Oxford-engelsk. Ordet «twerk» er beskriven som «ein dans til populærmusikk som er seksuelt provoserande». Dansen med den låge, breie beinstillingane og dei pumpande rørslene er ikkje ny, men har fått mykje merksemd i media med tenåringsidolet Miley Cyrus si provoserande dansing og låta «Twerk».