Sosiale evner hindrar angst hos småbarn

Fireåringar som blir utsette for mobbing eller har ADHD, hemma åtferd eller foreldre med angst har auka risiko for å få ei angstliding to år seinare.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sosiale evner motverkar angst

– Studien vår undersøkjer for første gong risikofaktorar og beskyttande faktorar for framtidige angstlidingar blant vanlege førskulebarn. Det er mykje lettare å førebyggje enn å behandle slike lidingar, og resultata gir nokre hint om kva som kan gjerast, seier Lars Wichstrøm, professor ved Psykologisk institutt ved NTNU.

LES OGSÅ: Usunn mat kan gi born angst

Skye born utsett
Han leier eit stort forskingsprosjekt, Tidlig trygg i Trondheim, skriv Forskingsrådet.

– Eit barn med såkalla hemma åtferd, som er sky og for eksempel trekkjer seg tilbake i sosiale samanhengar eller er redd for nye ting, er spesielt utsett. Det same gjeld barn med dårlege sosiale ferdigheiter, slik som å ha vanskar med å dele eller å buse inn i leiken til andre, eller barn med ADHD, fortel Wichstrøm.

LES OGSÅ: Ammeborn får høgare sosial status

Angst kan smitte
Det å ha foreldre som er overbeskyttande eller sjølv har angst ser også ut til å auke risikoen. Å bli mobba eller plaga er også ein risikofaktor for framtidige angstlidingar.

– Allereie i barnehagen bør ein ha ein strategi for korleis ein skal hanskast med plaging og mobbing. Fleire barnehagar har også sett i gang ei rekke førebyggjande tiltak spesielt retta mot å auka sosial kompetanse, og mykje tyder på at det kan vere ein bra veg å gå, seier Wichstrøm.