– Ikkje ein gong valfritt sidemål, Høgre?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reagerer på Høgre-utspel

– Alle skal lære sidemål, men det skal ikkje vere ei skriftleg øvingsform, sa Høgre-leiar Erna Solberg under den store Vestlandsdebatten på NRK Hordaland onsdag.

LES OGSÅ– Sidemålet gjev elevane angst

Slepp verbbøying
Mållagsleiar Marit Aakre Tennø reagerer på Høgre-leiar Erna Solberg sine utspel om sidemålsundervisninga i skulen.

– Tidlegare har Høgre argumentert med at elevane sjølv bør får velja fritt om dei vil læra å skriva sidemålet eller ikkje. No gjer partileiaren det klårt at Høgre vil ta frå dei dette valet, skriv Tennø i ein e-post, og spør:

– Ikkje ein gong valfritt sidemål, Høgre?

Partileiaren i Høgre presiserte under debatten at elevane skal lære å lese og forstå nynorsk, for å ta del i den norske litteraturarven frå tidleg skulealder, men at dei skal “sleppe å ha denne grunnleggjande verbbøyinga”.

– Me trur at dette, som norske elevar sit og blar i grammatikk- og ordboka for å slå opp, er ei dårleg læringsform, seier Erna Solberg.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

– Norskfaget utan nynorsk, er halvt

I partiprogrammet til Høgre, som òg finnast i ei nynorsk utgåve, heiter det at elevane skal: «Bruke tekstar både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom heile skoleløpet. Avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den videregåande skolen».

– Under vestlandsdebatten hjå NRK Hordaland 28. august gjer Erna Solberg det klårt at den nye formuleringa om sidemålsordninga i Høgre sitt program berre er nye ord på gamal politikk, meiner Tennø, og legg til:

– Eit norskfag utan nynorsk vil vere eit halvt norskfag.

Erna Solberg sine utspel kom i duell med SV-leiar Audun Lysbakken, som kallar Høgre sin politikk for eit dramatisk angrep på den språklege likestillingspolitikken. Han peikar òg på forsking som tydar på at ein vert betre i både nynorsk og bokmål, dersom ein nyttar begge målformene.

– Eg meiner ikkje at nynorsk vil tape, men vil få betre legitimitet, fordi med slepp denne terpinga på verbbøying, seier Solberg.

LES OGSÅ: – Det hjelper å vere vrang

Nynorsk i Høgre
Høgre sine programfesta forslag om å fjerne karakteren i sidemål og endre mållova, slik at ein ikkje har krav på svar på si eiga målform frå det offentlege, har tidlegare fått motstand frå nynorskskrivande Høgre-politikarar, som Arne Hjeltnes og leiar i Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland.

– Den sterke nynorskopposisjonen i Høgre har lenge håpa at vedtaket tyder at det framleis skal drivast skriftleg sidemålsundervisning, berre utan karakter. Under vestlandsdebatten fekk både dei og målrørsla eit klårt svar frå Erna Solberg. Ho vil ikkje ha skriftleg sidemålsundervising, fordi Høgre meiner elevane ikkje lenger treng å kunna skriva både bokmål og nynorsk, seier leiaren i Mållaget.

Marit Aakre Tennø seier at for Noregs Mållag er det viktig at elevane lærar best mogeleg og mest mogeleg norsk.

– I dag gjer obligatorisk sidemålsundervisning det mogeleg å nytta nynorsk kvar som helst og når som helst, samstundes som ho sikrar dei språklege rettane til nynorskbrukarane og meir nynorsk i ålmenta.