– Sidemålet gir elevane angst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erna Solberg og Høgre vil fjerne både karakter og eksamen i sidemål både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.  

Solberg møtte Lysbakken i duell om sidemålet i heimbyen Bergen. Lysbakken er sterkt usamd med Solberg, han meiner skuleelevane framleis skal lære to målformer og at ein skal få svar på eiga målform når ein kontaktar det offentlege, skriv NRK Hordaland. 

– Dette handlar ikkje om verbbøying, men nordmenn flest skal kunna bruka språket. Dette er eit åtak på den språklege likestillinga, sa Lysbakken.

Onsdag møttest dei fire partileiarane frå Vestlandet til valdebatt i regi av NRK Hordaland, Bergensavisen, Bergens Tidende og Studentersamfunnet i Bergen. I Hordaland og Sogn og Fjordane hadde 44 prosent av grunnskuleelevane i førre skuleår nynorsk som hovudmål. Lysbakken slår fast at elevane blir betre i språk av lære fleire språk. 

– Språkforskinga viser tydeleg at du vert betre i språk av å læra fleire språk. Ingenting tyder på at ein vert betre i norsk av å ta vekk sidemålet, resultatet kan snarare verta det motsette, skriv NRK Hordaland. 

QUIZ: Skjønar du bokmål?

– Dette handlar ikkje om karakterar. Me meiner at ein heller bør læra om det store mangfaldet av dialektar og få kulturforståing i staden for å terpa på det skriftlege. Eg er meir optimistisk på vegner av nynorsken, svarte Høgre-leiaren og la til: 

– Me vil innføra nynorsktekstar frå tidleg i skuleløpet for dei som bur i Oslo-Vest og i Fana, svarte Solberg.

KrF-leiar Knut Arild Hareide er heller ikkje samd med Solberg, han håpar KrF og Venstre saman skal klare å stoppe framlegget. 

– Målet mitt er at me og Venstre skal verta sterke nok til å hindra endringa, som går på tvers av det forskarane tilrår, seier Hareide til NRK Hordaland.

Les saka på LNK.no!