Vil svekkje fylka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil berre ha 105 regionkommunar

Med blanke ark og utan føringar, teiknar kommune-analytikarane eit nytt noregskart der berre 12 kommunar har færre enn 10.000 innbyggjarar og fleire storkommunar med meir enn 100.000 innbyggjarar poppar opp rundt Oslo.

NIVI har laga skissa på oppdrag frå NRK Dagsrevyen og tar mål av seg å beskrive ei reform der oppgåvefordeling og administrativ inndeling vert sett i samanheng.

Analytikarane foreslår at politikarane vel det dei kallar ein brei kommunemodell og smal regionalmodell som løysing. Her skal flest mogleg offentlege oppgåver samlast i kommunane, medan dei noverande oppgåvene til fylkeskommunen så langt som mogleg skal overførast til kommunane.

Oppgåver framfor avstand
For å samle mange små distriktskommunar i større einingar skal overordna prinsipp om å kunne yte eit fullverdig tenestetilbod få langt større vekt enn omsynet til nærleik og reiseavstandar.

– Lange avstandar og ønsket om nærleik i delar av den kommunale verksemda kan sikrast gjennom lokalstyre, lokale servicekontor og andre interne organisasjonsløysingar, heiter det i analysen.

Storkommunar
Hovudgrepet frå NIVI er å utvikle større, tyngre og sterkare kommunar som kvar for seg skal kunne løyse oppgåvene betre for innbyggjarane. Dei 12 største kommunane med meir enn 100.000 innbyggjarar bør få same forvaltningsmodell som Oslo har i dag, heiter det i analysen.

Dei fleste av desse vil liggje rundt Oslo der dei nye superkommunane vil bidra til å sjå delregionane og det samla byområdet i samanheng.

– Hovudstadsområdet manglar ei formell regional overbygging og er truleg blant Europas mest fragmenterte byområde, står det i analysen.

I tillegg til Oslo-nære regionsenter identifiserer analysen Bergen, Stavangerregionen, Trondheimsområdet, Kristiansand-regionen, Haugesundsregionen og Grenlandsregionen som kommande storkommunar.

Overtar fylkesoppgåver
Forslaget vil bety massive endringar i kommunestrukturen. Berre seks av dagens 428 kommunar vil bestå som i dag. NIVI foreslår ein stram tidsplan for kommunerevolusjonen. Det meste skal skje i neste stortingsperiode.

Allereie neste år bør Stortinget vedta dei nasjonale prinsippa for reforma. Kommunane bør på si side fremje forslaga sine til omstillingar innan 2016, og det endelege stortingsvedtaket bør komme innan 2017, heiter det i analysen. (©NPK)

Har Noreg for mange kommunar? Og treng me eigentleg fylkeskommunane? Del meininga dei i kommentarfeltet under!