Trendy matauk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Eg ser det på bilde som blir lagt ut på Facebook og Instagram, og eg får mange førespurnader. Aviser og blad skriv om sylting og safting, og det er tema på TV, seier Kirsten Winge som har laga «Bærboka – Alt om bær fra natur og hage». Ho er ikkje i tvil om at det har vorte trendy å sylte og safte.

I boka får du informasjon om bær og metodar og 247 freistande oppskrifter med 25 ulike bærtypar. Winge er biolog og villmarkskokk og litt meir enn gjennomsnittet oppteken av bærplukking.

– Me har tre frysarar og eit stort kjølerom, så det blir ein del bær. I alle fall 100 kilo, seier ho. Dei bur på eit småbruk i Trysil, og for henne og mannen er bærplukking ein del av kvardagslivet.

– Eg prøver å plukke litt av alle typane kvart år, men det er ulikt kor mykje. For eksempel er det ikkje lett å finne rypebær og einebær, ein halv kilo er mykje.

Godt bærår
I år ser det ut til å vere eit godt bærår over det meste av landet, så det er berre å kome seg ut og plukke, i hagen eller i skogen. Om du ikkje veit korleis du skal ta vare på det du finn, har Winge dette rådet:

– Bruk bæra når ho er fersk. Plukk og rør! Prøv deg fram med sukker eller søtingsmiddel og finn ut kor mykje du likar. Om du så plukkar meir enn du kan ete med ein gong og vil ta vare på bæra; rør og frys ned.

Det er det enklaste, men bærentusiasten meiner også syltetøy og saft er overkommeleg for dei fleste. Du treng slett ikkje saftkokar, vanleg kasserolle og eit eller anna å sile bærsafta gjennom er nok.

– Men det er viktig at det er god kvalitet på bæra. Sluttproduktet blir ikkje betre enn utgangspunktet. Plukk helst i tørt og fint vêr, rår ho til.

Uvanleg bær
Winge slår også eit slag for dei litt meir uvanlege bærtypane i boka si, som blokkbær, einebær, teiebær og rypebær. Fleire av bærtypane som ikkje smakar så mykje i seg sjølv, blir svært smakfulle når dei blir tilverka. Til dømes krekling, som dei fleste går forbi når dei plukkar blåbær.

– Det er mykje og fin krekling i år. Bæra er gode å lage eddik til marinade av, og råsaft og sirup av krekling får ein fantastisk farge, fortel Winge.

Eddik kan du også lage av einer, og då kan du bruke både skot og bær. Mange jegerar og fiskarar brukar einekvistar til røyking av fisk og vilt, eller som krydder. Bæret er eigentleg ei kongle, som er grøn første året og blå det andre. Det er då du skal plukke det.

– Men vêr litt forsiktig med mengda einerbær, det kan vere hardt for nyrene, åtvarar Winge.

Blokkbær er eit anna lite påakta bær som fleire gjerne kan bli merksame på.

– Mange trur det er giftig, men det er det ikkje. Og det inneheld faktisk meir C-vitamin enn blåbær. Det er ikkje så godt å ete direkte, men når du foredlar det blir det kjempegodt. For eksempel i saft og gele, eller saman med blåbær i supper og syltetøy.

Favoritten
Sjølv om Kirsten Winge plukkar mange slags bær og tykkjer alle er gode, har ho ein favoritt:

– Eg blir meir og meir glad i tyttebær. Det er så allsidig, kan brukast til så mangt; syltetøy, gele, graut, sirup som er fantastisk på is, du kan røre det eller tørke og bruke som krydder.

Tyttebær veks i store klasar som gjer det lett å fylle bøtta. Og tyttebærsesongen varer til langt ut i september.

Kirsten Winge er biolog, villmarkskokk og har gitt ut fleire kokebøker med råvarer frå naturen. (Foto frå Bærboka: Ove Bergersen)

Faktaboks

 

Oppskrifter

Einerolje
2 små toppskot av einer
1 ss einerbær
Olje

Legg einerskot og einebær på ei flaske og fyll opp med olje. oppbevar mørkt og kjølig.

Bringebæreddik
Ta like mengder bringebær og kvitvinseddik i eit glas eller ei flaske. La det trekkje fem veker i ein solfylt vindaugskarm. Sil av bæra og oppbevar eddiken på ei flaske.

Kreklingeddik
Legg bæra på glas og dekk dei med kvitvinseddik. La det stå og godgjere seg i 2– 3 veker. Sil av bæra og hell kreklingeddiken på ei lita tett flaske eller eit glas.

(Oppskriftene er henta frå «Bærboka – Alt om bær fra natur og hage» – Vigmostad Bjørke)