Går over til nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me går frå å vera ein bokmålsskule, til å verta ein nynorskskule, seier rektor Knut Ole Myren.

Gode erfaringar
Tysdag hadde den rykande ferske nynorskgruppa sin første time.

Frå no av skal alle nybyrjarane undervisast i nynorsk.

– Me tek nybyrjarane først. Det vart for voldsomt å ta alle i eitt jafs, men planen er at bokmål gradvis skal fasast ut og nynorsken ta over, seier rektoren.

Han opplyser at dei som ønskjer det, framleis vil kunne velja bokmål.

Men erfaringane frå Førde og Gloppen, der dei allereie har teke spranget, viser at det er få eller ingen som vel bokmål lenger.

– Me håpar det blir slik hos oss også, seier Myren.

LES OGSÅ: – Innvandrarar best tent med bokmål

Stort press
Noko dei lenge var i stuss på, var om mottakselevane også skulle læra nynorsk.

Eit stort fleirtal av dei ventar berre på å få tildelt ein kommune. Om det blir i bokmål- eller nynorskland, er det ingen som veit.

Likevel har ein bestemt at også elevane frå mottaket i utgangspunktet skal læra nynorsk.

Denne satsinga skjer etter stort press over lengre tid.

Frå politikarar, flyktningtenesta, frå kommunane Sogndal samarbeider med om norskundervisninga, frå enkelte flyktningar sjølve, og generelt frå folk som er opptekne av vilkåra til nynorsken.

For sogndalordførar Jarle Aarvoll er dette gode nyhende.

Han trur det vil vera ein styrke for våre nye landsmenn å velja nynorsk.

– Med sognamaol vil du koma deg heilt til Konstantinopel. Då vil du òg koma langt med nynorsk, seier Aarvoll.

LES OGSÅ: Gode erfaring med nynorsk for innvandrarar

Lærarskepsis
Lærarane me møter på pauserommet, derimot, er meir skeptiske. Dei er uroa over mangelen på undervisningsmateriell på nynorsk, spesielt for vidarekomne.

– Me skal undervisa både analfabetet og professoren. Det er ikkje det mangfaldet å ta av på nynorsk, som på bokmål, seier lærar Kirsti Loftesnes.

Som eit døme nemner ho den fullstendige mangelen på ordlister: tospråklege ordbøker er nesten utan unntak på bokmål, det same gjeld ordbøkene som følgjer læreverka.

Les saka i Sogn Avis!