Kunnskapsdepartementet vil endre lova slik at dei kan trekkje løyva til private vidaregåande skular som driv etter Montessori-pedagogikk.

mm

I dag opnar privatskulekjeda Akademiet Heltberg vidaregåande skule i Drammen.

Ifølgje privatskulelova er det berre lov å starte ein privatskule om ein driv alternativ pedagogikk.

LES OGSÅ: Vil ha ny debatt om privatskulane

Montessori reagerer
Heltberg vidaregåande skule skal difor drive undervisning etter Montessori-modellen, men Det norske Montessori-forbundet fortel at dei ikkje har noko pedagogikk for vidaregåande skule.

 Det finnast ikkje noko godkjent lærarutdanning for Montessori-pedagogikk i vidaregåande. Denne skulen skulle ikkje vore godkjent. Når det fyrst har skjedd burde Kunnskapsdepartementet gått inn og stoppa det, seier leiar i Montessori-forbundet, Jon Terje Bjørke, til NRK.no

LES OGSÅ: Til veggs om skulen

Vil trekkje løyva
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Elisabeth Dale (SV), fortel at departementet tok grep etter at Montessori-forbundet informerte dei om planane til Akademiet.

– Dette syner at Akademiet har funne eit smotthol i lova. Det vil me stogga. Difor har me fremja eit lovforslag for å endra lova så dette ikkje skal vere mogleg seinare, fortel Dale, til NRK.

I det nye lovforslaget vert det presisert at skulen skal høyre til ei anerkjend pedagogisk retning, slik at ein er sikker på at opplegget er godkjend og utprøvd. Kunnskapsdepartementet vil òg at dei skal kunne trekkje løyva til private vidaregåande skular som har fått løyve til å drive med Montessori-pedagogikk.

LES OGSÅ: Bekymra for vidaregåande skular i distrikta

Må betale tilbake
I tillegg til Heltberg vidaregåande skule i Drammen, har Akademiet fått løyve til å starte opp ein tilsvarande i Trondheim. Denne rakk ikkje å opne til skulestart i år.

Godkjenninga til dei to skulane kom samstundes som Kunnskapsdepartementet reiste eit krav om at Akademiet må betale attende 18,5 millionar i statstøtte, som dei meiner er nytta feil. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

Kommentarar

ANNONSE