– Eit reality-show eg skulle likt å sjå

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Reality-show eg skulle likt å sjå

«Min fridom byrjar der din sluttar» var dei stort sett samde om som utgangspunkt. Men ungdomspartia som diskuterte norske forbod under Arendalsuka, var langt frå samde om kva forbod ein bør fjerne.

Lakrispipe, 10-pakningar med røyk og sundagsopne butikkar, via alkohol og narkotika, til prostitusjon og eggdonasjon, var berre nokre av dei omdiskuterte forboda.

– Viss det skulle gå så ille at vi taper valet, ville Venstre og KrF diskutere ting som porno, prostitusjon, sprit og narkotika. Det ville vore eit reality-show eg skulle likt å sjå, sa Andreas Halse.  

For ungdomspartia er ikkje samde, og dette er noko av det som det er strid om.

Tobakk
– Eg meiner utgangspunktet må vere at menneske må få gjere som dei vil, om dei ikkje skader andre, men dette er berre eit utgangspunkt, sa Sveinung Rotevatn. Og peikte på at røyking kan gjere nett det, og at røykelova slik var ein god ide.  

FpU-formann Himanshu Gulati meiner derimot utestader bør få bestemme sjølve, når det kjem til røyking inne. Han vil også fjerne forbodet mot E-røyk.  

Eit forbod det derimot var stor semje om å fjerne, er forbodet mot godteri som ser ut som tobakk.

– Eg er ein sterk forkjempar for lakrispipe, sa Halse. Som også meiner det bør vera lov å selje sigarettar i 10-pakningar, så folk ikkje må kjøpe 20.

 – Å forby hockeypulver fordi det minnar om snus er like dumt som å forby mjøl fordi det liknar på heroin, la Gulati til.  

LES OGSÅ: SV og FrP foreslår fest forbod

Alkohol   
– Folk må få lov til å gjere ting som skader dei, sjølv om dei veit at det skader dei. Ein kan ikkje forby folk å ta dårlege val, meiner FpU-formannen, som mellom anna vil gjere det mogeleg å kjøpe alkohol på bensinstasjonar og etter klokka åtte, og fjerne forbodet mot alkoholreklame. Han peikar på mange av dei moraliserande forboda som ekstra provoserande, som ein del av dei norske alkoholforboda.

– Snart vil vi meine at Vinmonopolet er like rart som eit TV-monopol, legg han til.  

Også Unge Venstre-leiaren vil fjerne mange av alkoholforboda. Happy hour, vin i butikk, alkoholreklame og skjenking etter klokka tre om natta, er av dei 21 tinga han meiner vi bør tillate i Noreg.   

– Det var forbode i forbodstida, noko som fungerte dårleg. Reguleringar er betre enn forbod, og det er faktisk ein avgjerande skilnad mellom det. Alkohol er ein del av norsk kultur, og liberaliserer vi på område folk finn irriterande, kan vi legitimere det at det til dømes er høge avgifter på alkohol.  

KrFU var derimot meir atterhaldne.

– Dette handlar om menneskesyn, og vi meiner menneske er eit fellesskapsvesen. Alkoholpolitikken bør vera restriktiv, mellom anna fordi alkohol har så store konsekvensar. Det handlar om solidaritet med dei som har problem, sa stortingskandidat frå Sogn og Fjordane, Tore Storehaug. Han peika også på undersøkingar som har vist at Vinmonopolet har høg legitimitet i Noreg.  

LES OGSÅ: Vil behalde Vinmonopolet

Prostitusjon
Forbodet mot sexkjøp er det fyrste Sveinung Rotevatn ville fjerna. Han meiner sexkjøpslova er eit typisk døme på at ein foreslår nye forbod og gjer ting straffbart, når ein ikkje har andre løysingar.

– Lova er problematisk og den snur provstyngda. Vi som meinte sexkjøpslova var ein dårleg ide, må plutseleg argumentere for at prostitusjon er ein god ide. Men staten er ikkje den einaste forvaltaren av moralen i samfunnet, og det går fint an å vera mot lova sjølv om ein meiner det er ugreitt å kjøpe sex. Skal ein ha lover av signaleffekt bør ein i det minste ha belegg for at dei har det, og det er ingenting som tyder på at lova har fungert, sa han. Og la til at problematiske sider ved prostitusjon som menneskehandel, slaveri og trafficcing, allereie er forbode. Dette støttar også FpU-formannen, som også peika på at forbodet også tek politiressursar frå arbeidet mot mellom anna trafficking.  

SU og KrFU vil derimot halde på forbodet. Storehaug meiner ein ved å tillate sexkjøp set ulike gruppers fridom opp mot kvarandre – fridomen til dei som vel å selje sex frivillig opp mot fridomen til dei som vert utsett for menneskehandel og sex-handel.

– Og det er få som sel sex frivillig, sa han.  

Halse la til at sexkjøp også går utover andre.

– Kvinnas kropp skal ikkje vera ei vare, konkluderte han.  

LES OGSÅ: Menneskehandlarar ser mot Noreg

Kroppen
Ungdomspartia er usamde om fleire kroppslege forbod, mellom anna om det bør vera greitt  å setje barn til verda ved hjelp av eggdonasjon og surrogati.

– Vi er mot forbodet mot surrogati fordi det må vera opp til kvar og ein kva ein gjer med kroppen sin. Det er derfor vi også vil tillate aktiv dødshjelp, sa Himanshu Gulati.  Også Unge Venstre vil tillate surrogati, mellom anna fordi det bør skje i ordna former når det fyrst skjer.  

SU og KrFU vil derimot ikkje tillate surrogati, og for Andreas Halse er dette mellom anna eit spørsmål om makt.

– Kvite menneske i Noreg har meir makt enn kvinner i fattige land. Altruistisk surrogati er likevel ein annan diskusjon, meiner han. 

– For meg handlar dette om grensa der min fridom startar der din sluttar. Surrogati grensar mot menneskehandel, og det bør vera grense for kva det er lov å kjøpe – det bør vera grenser for marknaden, meiner Storehaug. Som korkje vil tillate surrogati eller eggdonasjon.  

Sistnemnde diskusjon meiner Unge Venstre handlar om likestilling, og ei haldning om at bandet mellom mor og barn er viktigare enn det mellom far og barn. Slik vil dei tillate eggdonasjon også i Noreg.

– Men det har alltid vore ein teoretisk usikkerheit om kven som er far, repliserte Storehaug.  

LES OGSÅ: – Eit nei er eit neit, jenter!

Klede
Sjølv om FpU understrekar at dei er mot langt fleire forbod enn dei er imot, er dei positive til forbod mot bruk av religiøse hovudplagg i visse offentlege rom.

– Dette handlar ikkje om å gå kledd som ein vil. Fleire tusen kvinner har ikkje fridom til å ta vanlege val i livet, og mange er redde for til dømes tvangsekteskap. Her må ein rett og slett innføre forbod ein ikkje likar, sa Gulati. Medan Unge Venstre og KrFU helt på at det å gå kledd som ein vil er viktig.  

– Dette handlar om kva vil fyller omgrepet fridom med, om nett menneskesyn. Vi må ha plass til religion i det offentlege rom. Eg trur kvinne kan ta på seg hijab frivillig, for det er jo også delar av min kropp eg ikkje syner fram så ofte, sa Storehaug.  

LES OGSÅ: Vil ha reglar for nikab og burka i skulen

Men til slutt var det eit forbod alle ville fjerne: forbodet mot vannscooterkøyring, inkludert nær land.