Vil ha reglar for nikab og burka i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha reglar for nikab og burka

Fleire fylke og kommunar vurderer no å innføre forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg som nikab og burka i skulen. Østfold og Oslo har allereie eit slikt forbod. Ekspert på menneskerettar og direktør ved International Law and Policy Institute, Njål Høstmælingen, etterlyser nasjonale reglar for bruk av denne typen religiøse plagg

– Eg meiner det fordi saka har med ikkje-diskriminering og trus- og livssynsfridom å gjere, seier Høstmælingen til NRK.

Han meiner at politikarane lir av avgjerdsvegring fordi dei ikkje ønskjer nasjonale reglar på dette området.

Kunnskapsministeren Kristin Halvorsen (SV) kjenner seg ikkje att i skildringa.

– Vi har ein lik regel og dette kan bestemmast lokalt. Vi har ikkje fått meldingar om at ein ønskjer seg nasjonale reglar på dette, så eg trur dette fungerer utmerkt, sa Halvorsen til NRK i februar i år.

Halvorsen får følgje av både Høgre, Venstre og KrF, som alle meiner at spørsmålet om forbod bør avgjerast lokalt.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Eit forbod inneber derimot ei plikt til å sørgje for alternativ undervisning, meiner nestleiar Elisabeth Lier Haugseth hos Likestillings- og diskrimineringsombodet

– Ein kan for eksempel tenkje seg nettundervisning. Det vert gjennomført i andre samanhengar også, seier ho. (©NPK)

Kva meiner du? Bør det innførast nasjonale reglar for bruk av nikab og burka i skulen?