– Kanskje kan songen byggje bruer mellom dei som er for og dei som er imot nynorsk?

Jens Haugan er musikar, målmann og forskar, og alt saman kjem til uttrykk i musikken hans. I høve 200-årsjubileet har han laga songen «Ivar Aasen var ein travel mann», ein song han vonar kan skape både dialog og debatt. Songen har blitt spelt både på lokalradio og på kulturnytt i P2, og har i skrivande stund over 750 syningar på Youtube.

LES MEIR: Aasensk powerpop

Planlagt til Aasenjubilieet 
I teksta fortel han at han byrja å skrive på for ei god stund sidan, fordi han visste at han skulle gjere eitt eller anna i samband med feiringa av Ivar Aasen i år.

– Songen blei laga ei veke før sjølve markeringa. Eg ville gjerne ha han ut før 5. august, slik at den som ville kunne bruke han på sjølve dagen. Då eg tok fram teksta kom melodien eigentleg meir eller mindre med ein gong når eg sat med instrument og opptaksutstyr. Så gjekk no natta med til å arrangere og leggje på stemmer og instrument, og på måndag la eg han ut på YouTube, fortel han.

Målet var å lage ein song folk kunne samlast rundt, fortel Haugan. På feiringa av Aasen 5. august på Tante Gerda kafé på Hamar blei songen òg testa ut som allsong, for første gong. Og det fungerte bra, skal vi tru forfattaren sjølv.

– "Ivar Aasen var ein travel mann" fungerte veldig bra som allsong! Han sat frå første stund, og det var utruleg artig å oppleve dette der og då. Fleire hadde nok høyrt songen på YouTube eller på radio før dei song han der på kafeen, forklarer han.

Han vonar vidare at songen får verke i verda.

– Kanskje dette kan vere ein song som kan byggje bruer mellom dei som er for og dei som er imot nynorsk? Det er mange som har meldt tilbake at dei har fått songen "på hjernen". Til og med dei i NRK sa at dei sat og song og nynna der vidare på songen, seier han.

LES MEIR: Dei gjera hugen glad

Vil skape debatt og dialog
Som målmann, pedagog og førsteamanuensis på Høgskulen i Hedmark er han oppteken av at innhaldet i songane skal stemme over eins med røynda.

– Eg er ein svært aktiv språk- og målmann, ikkje berre på høgskolen, men også i lokalavisene, derfor er det sjølvsagt viktig at det meste er så korrekt som mogleg. Dessutan er eg òg svært oppteken av fagleg formidling – noko ein også kan sjå av alle avisinnlegga, seier han.

– Poenget var likevel å finne ein balanse. Målet mitt var ikkje å konsentrere mest mogleg fakta om Ivar Aasen i ein song, men å lage ein song som er litt småmorosam og som samtidig inneheld nokre grunnleggjande fakta. Som nokon skreiv på Facebook-sida mi: "Nå vet jeg mer om Ivar Aasen enn jeg noen gang visste før," seier Haugan entusiastisk.

– Eg har også sett at songen har utløyst dialog og debatt på fleire Facebook-sider der han har blitt lagt ut. Og det er jo bra!

LES MEIR: Bonderap med eigen video

Song for setningsanalyse
Haugan har dessutan fleire lystige og lærerike songar på samvitet, mellom anna om grammatikk.

– I fjor skreiv eg ein song til studentane mine for å lære dei setningsanalyse. Den første versjonen utan bilete har over 1700 treff på YouTube, og blei brukt ved fleire andre høgskolar og universitet, og eg presenterte han også på ein konferanse i Tyrkia for å vise korleis eg jobbar med språk- og grammatikkdidaktikk, fortel han.

– Utgangspunktet var at det nærma seg eksamen då eg sat heime og las ei rekkje med studentarbeid som ikkje var særleg oppløftande lesing, og at studentane stadig kom tilbake til at setningsanalyse var vanskeleg. Som førelesar innbiller eg meg at sjølve feltskjemaet, som er éin reiskap ein kan bruke til å analysere setningar, eigentleg er ganske enkelt – men det er visst ikkje det.

Haugan fortel at det verkar som om songen har gjort nytta.

– Éin student fortalde at til og med sambuaren hennar hadde byrja å syngje på han, fortel han.

LES MEIR: Laga musikkvideo mot mobbing

Vil gjere Ivar Aasen og grammatikk trendy
Det er likevel ikkje berre for å lære bort at Haugan lagar songar.

– Eg ønskjer også å syne at grammatikk faktisk kan vere artig og kult. Det har ein viss smitteeffekt på nokon studentar, og dei er takksame for å få denne innfallsvinkelen.

Haugan trur musikken kan gjere mykje for å gjere temaa og lærdom som verkar tung lett.

– Kanskje grammatikk og Ivar Aasen blir trendy og kult no i Språkåret 2013 – året som aldri tek slutt? avsluttar han.

Her kan du sjå videoen om Aasen:

Og her er videon om setningsanalyse:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE