Over 14.500 i kø for studentbustad
Sjølv om semesteret mange stader allereie er i gang, manglar over 14.500 studentar tak over hovudet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser tal som Norsk studentorganisasjon (NSO) har henta inn i samarbeid med studentsamskipnadene. Tala viser ein liten nedgang av studentar i bustadkø samanlikna med same tidspunkt i fjor.
– Det er veldig mange studentar i kø, og desse tala stadfestar kor stort behovet er for fleire studentbustader, seier leiar i Norsk Studentorganisasjon Ola Magnussen Rydje.
LES OGSÅ: Slik får du tak i hybel
NSO vender seg no mot politikarane og krev at statsbudsjettet neste år må ta høgde for å byggje 3000 studentbustader.
– Løfte er ikkje det same som gjennomføring. Dei må også inn i regjeringserklæring og budsjett. Men vi er veldig nøgde med at alle parti lovar fleire studentbustader, og forventar at det blir merkbart allereie i statsbudsjettet for neste år, seier Rydje. (©NPK)
LES OGSÅ: Student og på bustadjakt