No kan dei ha fletter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har lenge vore regelen at håret til soldaten ikkje kan falle nedanfor øvre kant av skjortekragen, men det har vore unntak for kvinnelege soldatar. Etter at eit mannleg befal klaga på dette, vil Forsvaret endre ordlyden, skriv Dagbladet.

Det var Soldatnytt som først skreiv om saka, etter at avdelingsleiar Bård I. Freberg hadde sendt inn klagen på det han meinte var diskriminering i reglementet.

Kvinnelege soldatar har hatt lov til å ha håret i ei lausthengande flette eller hestehale, medan menn med lengre hår enn dagens krav har måtta samle opp håret i eit hårnett eller ein knute.

LES MEIR: Forsvaret opnar for fleire brillebrukarar

Diskriminerande og irriterande 
– Ved eit par høve, utan at det er noko kritikk mot Gardeskolen, så har eg sett to mannlege soldatar som har hatt langt hår. Dei har då måtte gå med nett. Eg har sjølvsagt vore borti det før, men her på Terningmoen så har eg vore borti det i alle høve to gongar, seier Frebeg til Soldatnytt.

Reglementet er både kjønnsdiskriminerande og irriterande, meiner orlogskapteinen.

Det er jo latterleg. Jenter kan gå med flette, og dei slepp å gå med nett, presiserer han.

No har kapteinen fått støtte for synet sitt. Forsvarsstabssjefen Jan Eirik Finseth skriv i eit svarbrev til klagen at den påklaga formuleringa vert endra til ei kjønnsnøytral form i den komande revisjonen av reglementet.

LES MEIR: Kvinner blir mobba ut av forsvaret

Ny kultur i forsvaret?
Hovudtillitsmann Vegard Utne i Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon trur ikkje at det betyr store endringar i hårsveisen til soldatane som er inne til teneste.

Eg trur ikkje det er håret som har stoppa folk frå å ynskje seg inn i militæret tidlegare, men eg kan godt forstå at nokon ynskjer å halde på hestehalen når dei er her, seier han til Dagbladet.

Orlogskapteinen Freberg er sjølv godt nøgd, og vonar det kan føre til ei kulturendring i forsvaret, der fokuset på det ytre vert noko mindre.

Fokus skal vere på dugleiken til soldaten. Ein skal ikkje late seg lure av det ytre. Ein soldat med kort hår og perfekt uniform kan vere ein elendig soldat, medan ein soldat som er litt ubarbert og med litt langt hår kan vere ein glimrande soldat, avsluttar han. 

LES MEIR: Jublar for verneplikt for kvinner