Politikarane vil ha meir lågterskeltilbod, fleire løyvingar og alminneleggjering. Ein av tre mellom 8 og 19 år føler seg einsame.

Marit Heier Lajord
Marit Heier Lajord

At unge er dei mest einsamme i samfunnet, og at ein av tre føler seg einsamme ofte eller av og til, uroar Raudekrossen. Dei peikar på samanhengen mellom einsemd, psykisk helse og fråfall i skulen.

Med den ferske rapporten «Tett på ungdom»,lagt fram under Arendalsuka, ynskjer dei å setje lys på problematikken. Der vart politikarar frå Venstre, SV, Arbeidarpartiet, KrF, FrP og Høgre utfordra på kva dei vil gjere for ungdom som føler seg som del av «utanforskapet».

LES OGSÅ:Ungdom er mest einsame

Helsefarleg utfor skulen
Politikarane var samde om ungdoms utanforskap som eit alvorleg samfunnsproblem. Alle peikte på skulen og ynskte fleire lågterskeltilbod.

– At det er så mange ungdommar som føler seg einsame er fælt. Her må det ikkje handle om kva parti som har den beste løysinga, men å finne ei løysing saman, meinte Issifou Koanda, stortingskandidat for SV i Aust-Agder. Han peika på meir førebygging i skulen som den viktigaste løysinga, og at partiet ynskjer eit helseløft med 1500 nye fagfolk inn i skulen.

Også Høgre og stortingsrepresentant Sylvi Graham peika på skulen i spørsmålet om konkrete tiltak.

– Mykje av det vi politikarar kan gjere handlar om helsefaren ved å hamne utanfor skulen. Derfor treng vi for det fyrste ein betre skule og for det andre raskare hjelp inn i arbeidslivet, til dømes med kortare ventetid i NAV.

LES OGSÅ: – Einsemd blant unge er eit stort problem

1000 helsesøstrer
– Det er ikkje sjukt å vera einsam. Vi må ta bort stigmaet og ha gode førebilete som kan alminneleggjere det å vera einsam, meinte stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen(AP).

Ho meiner førebygging nyttar sidan mange faktisk ikkje er einsame, og peika på ungdomsråd, fritidsklubbar og kulturløftet, som enormt viktige.

– Dette handlar om kva ein skal bruke dei store pengane på. Eg meiner det må vera små og store fellesskap. Slik kan vi hindre at folk får behov for hjelp. Det handlar om lærartettleik, kulturløftet og kommuneøkonomi, som er område det ikkje må kuttast på, heldt Trettebergstuen fram. 

Stortingskandidat for Venstre i Oslo, Guri Melby peika og på behovet for lågterskeltilbod, spesielt fleire helsesøstrer.

– Vi treng 1000 fleire helsesøstrer, og dei må ha utdanninga som skal til for å kunne jobbe med unge. Regjeringa stemte ned vårt forslag om 1000 nye helsesøstrer på Stortinget. Det hadde vi klart utan å kutte i budsjetta til NAV og skulen.

LES OGSÅ: Glede og skuffelse – og håp for 2013

Grense for politikk
Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad(KrF) møtte også på heimebane. Han understreka at det er grense for politikk, også i forhold til kva det offentlege skal gjere mot einsemd, og at det einskildmenneske og frivillige gjer er avgjerande. Av konkrete tiltak peika han på aktivitetsplikt, det å stå opp om morgonen.

– 20 åringar som søkjer sosialhjelp bør ha aktivitetsplikt, om det så er å rake lauv.

Også stortingsrepresentant Robert Eriksson(FrP) var oppteken av grensedragingane, spesielt grensa for kva som faktisk er einsemd.

– Det er krevjande, men det er ei grense for kva som faktisk er einsemd, og kva som berre er keisemd eller behovet menneske har for å trekkje seg tilbake.

Reint konkret var han også oppteken av kva han sjølv kan gjere.

– Eg er Robert Eriksson 24 timar i døgnet, og vil gjere så mykje eg kan kvar dag, for å påverke samfunnet og vera noko for nokon, sa han. Og peika på at han mellom anna har vore med å organisere gratistur til ein Rosenborg-kamp for både unge og eldre frå heimfylket Nord-Trøndelag. Samstundes meiner han det trengst betre samspel mellom frivillige og det offentlege, at det burde vera fri etablering for psykologar og at det trengst ein ny opptrappingsplan i psykiatrien.

LES OGSÅ: Unge avhaldsfolk einsame og deprimerte

Den moderne einsemda
President i Raudekrossen i Noreg, Sven Mollekleiv, meiner det å formidle einskildhistoriene og synspunkta til ungdom i «utanforskapet», er like viktig som tradisjonell forsking.  Og peika samstundes på tal henta inn for organisasjonen sjølv og tal frå Folkehelseinstituttet, som syner at ungdom er den gruppa i samfunnet som er mest utsett for einsemd.

– Vi treng tilgjengelegheit og nærvær, så ungdom vert del av verda dei står i. Sidan vi aldri har hatt det betre, er det desto tyngre å stå ute i kulda – å kjenne på eit ein ikkje har råd, ikkje får likes på sosiale medium, ikkje vert invitert eller aldri vert prata til.

Mollekleiv peika også på den moderne einsemda – om dei sterke sosiale media, mobiltelefonen som gjer mobbing råare og den låge terskelen på nett, og at desse gjer verknadane sterkare.

– Psykiske plager er ikkje noko marginalt problem. Einsemd er velferdssamfunnets viktigaste utfordring overfor barn og unge, avslutta presidenten.

LES OGSÅ:Supert å vera frivillig i påska

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE