28 000 søkte IKEA-jobb
Då IKEA skulle opne eit nytt varehus i Pisa trengte dei 200 nye folk. Og fekk 28 000 søkjarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det fortel den italienske utgåva av "The Local".
I Italia er ungdomsarbeidsløysa på skyhøge 39 prosent, og kampen om arbeid er hard. Det fekk IKEA merke då dei lyste ut 200 stillingar til sitt nye varehus i Pisa, og fekk heile 28 616 søkjarar.
Lang prosess før tilsetting
Søkjarane vil no gå gjennom ein lengre prosess før det vert avgjort kven av dei 28 000 som vil ende opp med ei stilling på varehuset.
– Personalavdelinga har no starta å gå gjennom CVane. I løpet av første veka i september vil kandidatane, i etterkant av telefonintervju, bli kontakta for dei første gruppeintervjua, seier IKEA i ei utsegn til The Local.
LES MEIR: Desse jobbar hardast
Attraktiv arbeidsplass
Gaia Paradiso studerer ved Universitetet i Firenze, og forklarer til avisa kvifor så mange søkjer nett ved IKEA.
– IKEA er eit multinasjonalt føretak og kan gje ei rekke frynsegode. Konkurransen er hard på arbeidsmarknaden og det er veldig vanskeleg å finne noko som passar heilt profilen til kvar einskilde arbeidssøkjar, så alle søkjer hos dei same føretaka, seier han.
LES MEIR: Kjempar mot rekordstor arbeidsløyse
1,5 milliard til ungdomsarbeidsløyse
I slutten av juni sikra statsminister Enrico Letta ei redningspakke på 1,5 milliardar for å motarbeide den høge ungdomsarbeidsløysa. Det meste av redningspakka er retta mot ungdom i sør, der arbeidsledigheita er størst, og det blir ferre tiltak for ungdom i nord.
Paradiso meiner pakka er eit steg i rett retning, men at regjeringa må gjere endå meir.
– Vi veit at det er arbeidsløyse, ei økonomisk krise, ungdomsproblem og store politiske utfordringar, så lat oss freiste å ordne dette saman, avsluttar han.