Bygdeforskar Bjørn Egil Flø meiner me bruker for mykje pengar på bulyst og tilbakeflyttingsprosjekt. Og at den nye distriktspolitikken handlar for mykje om såpekoking, baristaer og lindukar.

 – Det har vore eit kulturelt skifte i distriktspolitikken. Me har gått frå fokus på hardcore verkemidel som differensiert arbeidsgjevaravgift og infrastruktur, til det meir individualistiske med fokus på små-entrepenørar og innovasjon. Eg meiner me brukar uforholdsmessig mykje pengar på bulyst og tilbakeflyttingsprosjekt – det er ikkje ein stad som ikkje har slagord eller eit tilflyttingsprosjekt, seier bygdeforskar Bjørn Egil Flø til Framtida.no.  

I artikkelen «Me og dei andre – om lindukar, Framstegspartiet og bygda som sosial konstruksjon», skriv han med utgangspunkt i bygda Flø og fylkeskonservatorens fråråding om å rive ei gamal løe. Om den ny-rurale trenden, debatten om kva grenda skal vera, og om bygda som pyntedokke: dei flyttar den nyaste traktoren ut av bilete og let den gamle stå. Dei leier mjølkekyra inn på setervollen, vaskar og steller ho og børstar både rompa og panna slik at ho framstår like lytefri som ein pin-up modell i bilreklamane.

Problematisk
Flø meiner det problematiske med tilbakeflyttingingsprosjekta og bulyst-midlane, er at midlane blir bruka feil. Han meiner dette tek fokus vekk frå gruppene bygda faktisk treng, som arbeidsinnvandrar, og frå dei som allereie bur på bygda.

– Ein brukar masse pengar på å få høgt utdanna bygdeungdommar attende. Men dei har utdanna seg vekk frå bygda, det er ikkje dei prosessindustrien på Vestlandet treng. Den importerte arbeidskrafta er ein kjemperessurs, men dei brukar ein ingenting på å integrere, legge til rette for eller ikkje få til å reise, forklarar han.

Er det for lite diskusjon kring bulyst og tilflyttingsprosjekt?
– På eit vis er det nok det. Satsinga vert heller forsterka, også politisk. Det vert gjeve endå meir midlar til bulyst, blilyst og anna lyst. Så kjem endå fleire bygdeutviklarar, og nye tilflyttingsprosjekt. Etter 2-3 år vert prosjektet evaluert, berre eit par av innflyttarane har reist og det vert sett på som ein suksess. Men etter 10 år er kanskje berre 2-3 igjen. Den urbane midelklassen er og blir urban.

Flø peikar på at desse innflyttarane, som gjerne er i frie yrke, ofte opplever manglar på miljø og uformelle nettverk, at det er for langt mellom champagneglasa og at inntektene går ned – dei må vera der det skjer.  

LES OGSÅ: Alle vil ha tilflytting

Fråveret av respatex
I artikkelen skriv Flø om oss velmeinande prosjektfinansierte bygdeutviklarane.

Kven er desse?
– Me er middelklasse, har studert på universitet eller i det minste på høgskule. Me sit på den kulturelle kapitalen, får bygdeutviklingsstillingane, skriv dei beste søknadane og får endå fleire midlar. Me designar etter vår smak.  

Det kan til dømes handle om å middelklasse-designa møteplassar, der det ikkje skal vera respatexbord med mindre det er retro, og kaffi frå barista-maskin ikkje frå ein traktar. Også her trekkjer han fram den verneverdige løa, som skulle takast vare på mellom anna fordi Flø var ein spanande stad.

 – Dei som handsama saka såg sikkert for seg ei bedrift, med sal av såpe og lindukar. Men slikt vert det ikkje pengar av, sjølv om dei sikkert hadde fått offentleg støtte frå fleire hald, hadde det gått konk til slutt. Hadde ein derimot søkt om å rive den for å bygge garasje og gocart-bane, som mogelegvis kunne gått så det grein, ville det fått avslag og vurdert som harry.

LES OGSÅ: Slik vil distriktsfylka få deg heim

Dei som alltid har vore der
Eit me og dei på bygda, der folk utan høgare utdanning føler seg framandgjorte. Det meiner Flø den nye utviklinga kan skape. 

– Bygdefolket som er der, og alltid har vore der, vert gjerne take for gitt.  

Han meiner det handlar om klasse, og at det ideelt sett bør vera mogeleg å utvikle alle dei ulike klassane på bygda.

 – Me må vera klar over kva klasseverdiar me representerer når me er i ein bygdeutviklingsposisjon.  

Han meiner dei sosiale konstruksjonane i prosjekta, om kven ein er og kva ein er stolt av, i større grad må rettast mot dei som allereie er i bygda. At det kan ha indremedisinsk effekt.  

– I staden for å rette fokus på imaginære innflyttarar, må bygda sjå på seg sjølv. Ein må flytte standen som viser kor flott alt er, frå Oslo og til bygda sjølv.  

QUIZ: Nynorske stader i verda

Alternativet 
Flø trur den individorienterte bygdeutviklinga vil halde fram også i framtida, med meir såpekoking og fleire bygdebaristaer.

– Det er behageleg for politikarane, for det er berre å gje støtte. Ein slepp politiske avgjersler og langsiktige strategiar.  

Kva er då alternativet til bulyst og tilflyttingsprosjekt?
– Dei klassiske verkemidla, som me veit at verkar. Samferdsel, differensiert arbeidsgjevaravgift og produksjonsstøtte til landbruket. Landbruksstøtta er det som skil oss frå alle andre vestlege land når det kjem til busetjing i distrikta.

Han meiner også det handlar om å ta vare på dei største distriktsarbeidsplassane, som utanom det offentlege er innan handverk og industri.

 – Me treng ikkje kutte ut alle prosjekt. Men me bør bruke litt mindre pengar på det, tone det litt ned, avsluttar Bjørn Egil Flø.      

KVA MEINER DU? Bruker vi for mykje pengar på Bulyst og tilflyttingsprosjekt? Kva er god distriktspolitikk?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE