Vi må leve med auka grensehandel

Landbruks- og matministeren meiner grensehandelproblematikken er overdriven. Det er velstanden til nordmennene som fører med seg handelslekkasjar, meiner han. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Grensehandelen aukar og aukar, men det må vi berre leve med, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NRK.

Norske kundar la i fjor igjen 13 milliardar kroner på daglegvarer og sju milliardar kroner på forbruksvarer i Sverige.

– Eg synest nokon gonger ein overdriv det problemet. Ein av grunnane er at vi har høgare løningar og tener betre. Du og eg har det betre, vi tener mellom tjue og tretti prosent meir enn svenskane. Difor er det handelslekkasjar på landbruksvarer og andre produkt, seier han.

– Svenskane reiser ofte til Danmark for å handle. Danskane reiser til Tyskland og tyskarane reiser til Polen. Alltid der det er ei grense og meir velstand på den eine sida av grensa, vil vi få handelslekkasjar. Vi må heller gle oss over at vi har det så godt og så må vi sørgje for og leggje til rette for ein levande industri og næringsmiddelindustri, seier han.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

Kva meiner du om grensehandelen?