Skeivt om skeiv litteratur
Bokheimen har plass til skeiv litteratur av både det lette og det tunge slaget, og eg ser ingen grunn til hakka på dei alvorsame bøkene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Med jamne mellomrom dukkar det opp nokon som ynskjer seg fleire skeive bøker med glade og positive historier. Det er eit rimeleg krav. Likevel stikk det i magen kvar gong eg høyrer det: Ei sorglaus historie om homofili og transidentitet hadde vore lygn og svik og falskneri – for meg, i alle fall.
Éin ting kan alle vera samde om: Me treng fleire såkalla «skeive bøker». Medan streit ungdom kan lauga seg i historier om streite personar, må skeiv ungdom grava og leita og i verste fall spørja andre til råds, noko som er lite freistande om du sit i skåpet og er pissredd for at nokon skal skjøna korleis det er fatt. Vel å merka er det langt fleire skeive bøker å velja mellom no enn for nokre tiår sidan, somme av dei er svært gode, og Internett er til stor hjelp for mange. Dessutan er det ikkje alle skeive som har trong til å lesa bøker med skeiv tematikk.
Men nokon har det. Nokon treng sårt å lesa om andre skeive. Nokon treng å få stadfest at dei ikkje er åleine: Når dei finst ei bok om nokon som strevar med det same, tyder det at det er fleire i same båten. Det kan trøysta og styrkja; det kan jamvel vera livbergande. Andre veit at dei ikkje er åleine i båten, men like fullt treng dei ein pause frå alle dei heterofile forteljingane som kulturen peprar oss med.
På nettsidene til NRK kunne me nyleg lesa om saknet etter skeiv tematikk i ny norsk litteratur, særleg i ungdomslitteraturen. I lag med tre skeive ungdomar hadde NRK sjekka stoda, og ikkje uventa fann dei ut at me møter etter måten få skeive romanfigurar i bøkene. Sant nok dukkar homofile og lesbiske opp her og der, men bifile er det langt mellom, for ikkje å snakka om transseksuelle og transpersonar. Det er som å leita etter ei nål i ein høystakk. (Dei to diktsamlingane til transmannen Tarald Stein er vel temmeleg kjende, men elles er det smått.)
Oppslaget gav meg brennande lyst til å hiva meg rundt og skriva – eg veit ikkje heilt kva, skjønnlitteratur skriv eg ikkje, førebels, men noko ville eg skriva – om det å vera homo, om det å vera trans, om det å ufriviljug bryta normene som dei normale rettar seg etter, om den svimlande kjensla fyrsten gongen ein vågar å seia til seg sjølv at ein er skeiv, at det ikkje kjem til å gå over. Men så feste eg meg ved nokre utsegner i artikkelen, frå Skeiv Ungdom-leiar Åshild Marie Vige. Utsegnene lugga og beit. Slik Vige er sitert, synest ho å setja særskilt pris på bøker som inneheld homofili utan å verta promoterte som homolitteratur, bøker som skildrar skeive figurar utan å gjera eit nummer av at dei er skeive, og bøker som er positive og morosame i staden for å «servere nitriste ‘kamp mot tilværelsen’-historier».
Føremålet mitt her er ikkje å kritisera Vige. Eg skjønar kva ho meiner. Eg er jamvel samd i at me treng skeive bøker av det meir lystige slaget. For som ho òg seier: «Vi er heldigvis i en situasjon hvor de aller fleste har positive opplevelser med å komme ut.» Godt er det! Og me skal sjølvsagt ha bøker som speglar den sida av saka. Likevel svir det når eg ser slike åtak på vonde og vanskelege historier om skeivskap; særskilt bitande er ynsket om å skildra skeive personar utan å gjera eit nummer av at dei er skeive. For korleis i all verda kan ein person vera skeiv utan å vera sterkt prega av det?
Eg vedgår gjerne at denne mothugen min botnar i eigne røynsler snarare enn i rein fornuft. Då eg var ung og sat i skåpet, tenkte eg snautt på noko anna: «Du er homo, du er homo», song det i skallen, «du er ein avvikar, eit utskot, du er ikkje som dei andre». Det var det siste eg tenkte på før eg sovna, det fyrste eg tenkte på då eg vakna. Det var der når eg sykla til skulen, når eg åt middag, når eg var på fotballtrening, når eg las Donald-blad, når eg henta veslesyster i barnehagen. Heile tida. Aldri fri. Det var noko forbanna drit. Difor synest eg det er lite truverdig med ein ung, skeiv romanfigur som ikkje balar og bryr seg med at han er skeiv, endå eg veit at det finst slike folk i røynda. Nei, då vil eg heller lesa om nokon som kavar og strir – nokon som går i skuggen av sin eigen natur, for å seia det med Åsmund Sveen.
Ei slik historie treng ikkje vera nitrist (nitrist = ‘svært keisam, stussleg’, jamfør Nynorskordboka). Ho kan vera god litteratur. Ho kan jamvel vera morosam: Tragikk og komikk lèt seg fint sameina.
Kan henda er eg i overkant blaut og hårsår som tek det personleg når nokon skuldar den skeive litteraturen for å vera mørk og vond og nitrist. Kan henda har eg òg samla opp litt for mykje sinne mot dei som hevdar at skeivskap er fargerikt og flott og at det er like normalt og fint å vera skeiv som å vera streit. Det er det ikkje! Eller kanskje eg berre er misunneleg på dei som synest det er lett å vera skeiv? I alle fall har bokheimen plass til skeiv litteratur av både det lette og det tunge slaget, og eg ser ingen grunn til hakka på dei alvorsame bøkene.
Konklusjonen er om lag slik: Ja, me treng fleire skeive bøker, gjerne fleire morosame og positive bøker, men me treng òg «kamp mot tilværelsen»-bøker. Me treng bøker som ikkje gjer eit nummer av skeivskap, men me treng òg bøker som målber vanskane som fylgjer med det å vera ein seksuell eller kjønnsleg minoritet. Sidan verda er full av forfattarar med ulike røynsler og ulikt litteratursyn, og sidan seksualitet og kjønn i minkande grad er tabuemne, kjem me nok til å få alt saman – med tid og stunder. I mellomtida lyt me syta for at dei skeive bøkene som alt finst, er lett tilgjengelege for unge og usikre skeivingar.
Først publisert i Magasinett.