Vil ikkje gi unge kvinner gratis p-piller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje gi gratis p-piller

Forsøksprosjektet med gratis p-piller til unge kvinner vart gjennomført i 2008 og 2009 i byane Tromsø og Hamar. Bodø og Porsgrunn var såkalla kontrollbyar der kvinnene berre deltok i spørjeundersøkingar, skriv VG.

Aborttalet vart halvert i byane der kvinnene fekk tilbod om gratis prevensjon, og Helsedirektoratet skreiv i si tilråding til Helse- og omsorgsdepartementet i fjor at det mest effektive tiltaket for å redusere abortar blant kvinner tidleg i 20-åra, er tilbod om gratis prevensjon.

Likevel vel altså helseministeren ikkje å innføre ordninga. Då KrFs Kjell Ingolf Ropstad spurde Støre om saka i slutten av juni, svarte Støre at tiltaket kunne medføre ein reduksjon, men at dei om lag 100 millionar kronene som ordninga vil koste, og som ville bli retta mot friske, unge kvinner, er pengar som alternativt kunne brukast på andre tiltak med positiv effekt.

– Vi har i år blant anna brukt over 30 millionar på informasjon og tiltak som går på kunnskap framfor gratis prevensjonsmiddel. Det ser også ut til at det verkar, skriv statssekretær Kjell Erik Øie i ein e-post til avisa. (©NPK)

Kva synest du? Bør alle kvinner få tilbod om gratis p-piller til dei fyller 25 år?