– Et opp denne miljøtrusselen!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Østersen er god å eta, men han er diverre til skade for artsmangfaldet vårt. Både blåskjel og europeiske flatøsters blir utkonkurrerte av østers frå Stillehavet, og på sikt kan dei råke ærfugl og andre artar som et blåskjel, seier Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.

I Tyskland og Danmark har det blitt eit problem, og det dannar seg store rev der det berre er stillehavsøsters, og ikkje noko anna, som veks.

I Noreg står stillehavsøstersen på Artsdatabanken si svarteliste over uønskte artar. Han har òg status som ein høgrisikoart.

Skjela til stillehavsøstersen kan bli mellom 20 og 30 centimeter store, og dei tek seg sakte langs grunner og i varme viker. Det er førebels ei mangelfull kartlegging av arten, så no oppmodar Naturvernforbundet folk til å hjelpa til med det.

– Dersom du finn slike skjel i eit området, send gjerne ein e-post til havforskingsinstituttet eller Norsk institutt for vassforsking, seier Esmark.