Nye krav til lufthamner

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa innfører ei ny forskrift med krav om universell utforming av terminalbygg og ombordstigingsløysingar på norske lufthamner.

Forskrifta tek til å gjelda med ein gong.

LES OGSÅ: Funksjonshemma fell ofte utanfor i gymmen

– Passasjerar med nedsett funksjonsevne har allereie rettar overfor flyselskapa. Dagens regelverk stiller likevel ikkje krav til den fysiske utforminga av terminalbygg eller ombordstigingsløysingar på lufthamnene. Regjeringa innfører no ei ny forskrift, der det blir stilt krav til universell utforming av dette. Dette sikrar ei betre reise for passasjerar med nedsett funksjonsevne, uttaler samferdselsminister Marit Arnstad i ei pressemelding frå departementet.

Lovverket stiller krav om at offentlege bygg, slik som flyplassterminalar, skal vere universelt utforma så lenge det ikkje fører til uforholdsmessige kostnader.

LES OGSÅ: Retten til liv

I den nye forskrifta blir krava for lufthamner konkretisert. Mellom anna blir det stilt krav om mekanisk løfteutstyr for ombordstiging på alle lufthamner med rutetrafikk. Vidare heiter det at der ein har passasjerbru, skal ho brukast når det på førehand er varsla om passasjerar som ikkje kan bruke trapp.

Lufthamnoperatørane blir òg pliktige til å gjere greie for i kva grad eksisterande terminalbygg oppfyller krav om universell utforming i byggteknisk forskrift. Der krava ikkje er oppfylt, skal det utarbeidast ein plan, heiter det frå Samferdsledepartementet.

LES OGSÅ: – Noreg må utnytte arbeidskrafta betre