NPK
NPK

Ein tredjedel av dei som reiser kollektivt bruker kvardagsreisa til å sjå på framande og gjette kva slags yrke, personlegdom eller bakgrunn dei har, viser ei fersk befolkningsundersøking.

LES OGSÅ: Teknologien som vil endre liv

– Menn er meir ivrige enn kvinner til å stire på naboen, og det er unge menn under 30 som gjer dette mest, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgivar i NAF.

Befolkningsundersøkinga er gjort av TNS Gallup for NAF. I tillegg til ei rekke spørsmål knytte til kvardagsreisene til folk, er det stilt spørsmål om kva ein gjer under kvardagsreisa.

LES OGSÅ: Mordar eller åtseletar

Svara viser at 17 prosent av oss liker å sjå på andre og gjette kva dei driv med, og så mange som 32 prosent av dei som reiser kollektivt bruker reisetida på dette.

To av ti menn observerer andre på kvardagsreisa si, mens 15 prosent av kvinnene gjer det same. Ein tredjedel av begge kjønn i aldersgruppa 15– 29 år oppgir at dei bruker kvardagsreisa til å stire på naboen og gjette kva slags type menneske dei er.

– Majoriteten av dei som observerer andre under kvardagsreisa bur også i bufellesskap i Oslo og Akershus. Så det er tydeleg at unge menneske i eit område med relativt god kollektivtransport liker å bruke kvardagsreisa til å sjå på framande og gjette kva slags yrke, personlegdom og bakgrunn dei har, avsluttar Sødal.

LES OGSÅ: Drøymer om Brad Pitt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE