Ambisiøs handling, ikkje fagre ord

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nok fagre ord

Som leiar i ungdomsorganisasjonen Spire, arbeider Mari Gjengedal for rettferdig og berekraftig fordeling av ressursane i verda. Vi bad henne stille spørsmål om det ho kan best, til dei ho sjølv vil.

Her kan du lese kva Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn og KrFU-leiar Elisabeth Løland svara, då Spire stilte dei til veggs om miljø og utvikling.

Spire: Kva kan vi gjere for at klima og miljø kjem høgare opp på den politiske dagsordenen, og korleis kan særleg unge bli meir engasjerte?

Unge Venstre:– Politikarane må setje ambisiøs handling bak fagre ord. Klimapolitikken treng ikkje meir snakk og målsetjingar. Han treng konkrete tiltak som får ned utsleppa. Dessutan må folk få høve til å ta grøne val i sin kvardag. Då treng vi betre og billegare kollektivtrafikk, eit skattesystem som gjer det lønsamt med miljøinvesteringar i eigen bustad, og reelle mogelegheiter for å leve fossilfritt.  

KrFU: –Vi arbeider hardt for at det skal skje, gjennom å løfte fram viktige miljøsaker i mykje av vårt politiske arbeid. Diverre vert vi motarbeida av dei store politiske partia, som ikkje har noko interesse av at slike spørsmål skal vere viktige, fordi dei har ein del dårleg politikk på området.

LES OGSÅ: Borar for miljøet

Spire: Kan Noreg bevare sitt image som ein ambisiøs og konstruktiv klimaaktør internasjonalt, når vi held fram med å investere stadig meir i oljesektoren?

Unge Venstre:– Ja og nei. Noreg vert nok oppfatta som ein pådrivar for å få i hamn ein internasjonal klimaavtale. Men at vi held fram som storprodusent av Co2-utslepp er unekteleg eit paradoks. Det er ein av fleire grunnar til at vi vil bremse tempoet på norsk sokkel, og snu investeringane til fornybar energi. 

KrFU: – Nei, heilt klart ikkje. KrF går til val på redusert utvinningstempo, og at investeringar frå Oljefondet skal verte vridd frå fossil energi til fornybar energi. Dersom verda skal vinne kampen mot klimaendringane må vi la noko av den fossile energien liggje i bakken. Det tyder at vi må satse offensivt på fornybar energi, før det er tomt for skitten olje i bakken. Noreg er eit av dei landa som er i best posisjon til å gjere dette, så viss ikkje oss, kven då?

LES OGSÅ: Grøn utdanning i medvind

Spire: Miljø og utvikling heng ofte saman. Er det mogleg å diskutere viktige tema som klimaendringar, utan å samstundes diskutere rettferdig fordeling og solidaritet mellom menneske?

Unge Venstre: – Mogleg er det sikkert, men for meg handlar kampen mot klimaendringar definitivt om solidaritet med andre menneske. Dei store utsleppa frå rike land går utover livsgrunnlaget til både oss sjølve og til fattige land som historisk har mindre skuld i endringane. Når vi varmar husa våre med oljefyr og køyrer bensinbil i staden for tog, stig vatnet i Bangladesh og ørkenen spreier seg i Afrika. Vi har ingen rett til å øydeleggje livsgrunnlaget til andre menneske.

KrFU: – Nei, det er korkje mogleg eller ønskeleg. Ei viktig årsak til at KrFU kjempar mot klimaendringar, er nettopp solidaritet med dei fattigaste i verda. Dei har minst skuld, er hardast ramma, og har dårlegast høve til å forsvare seg. Klimakampen er ein solidaritetskamp!

LES OGSÅ: Miljødirektøren flyr til jobb

Spire: Berekraftig utvikling handlar om å forvalte ressursar for framtida. Kva for konkrete politiske forslag har de for å sikre at framtidige generasjonar skal få tilgang til dei same moglegheitene og ressursane som vi har i dag?

Unge Venstre: – Vi vil ha ei berekraftig fiskeriforvalting, bremse tempoet på norsk sokkel, verne sårbare naturområde til lands og til havs, sikre det biologiske mangfaldet, og drive eit berekraftig jordbruk. Reint konkret vil vi til dømes verne Lofoten, Vesterålen og Senja, og vi har som mål å verne minst ti prosent av alle naturtypar. 

KrFU: – Forvaltaransvaret er ein av KrFUs tre grunnverdiar. Vi byggjer politikken vår på eit ønskje om å forvalte ressursane vi har tilgang til, til det beste for både oss som lever no og framtidige generasjonar. Dette gjeld ikkje berre oss her i Noreg.

– Noko av det viktigaste vi har fått å forvalte er naturressursane. KrFU vil vri Noreg sin energiproduksjon frå olje til fornybart, og ha strenge utsleppskrav til oljeproduksjonen. Vi har også eit stort ansvar for korleis vi forvaltar dei pengane vi allereie har tent på oljen. I dag investerer vi Oljefondet slik at vi kvar dag er med å skape større skilnader og meir urettferd i verda. KrFU vil investere oljefondet på ein måte som er betre for dei fattige, ved å investere i dei fattigaste landa.

LES OGSÅ: – Verdas største utfordring

Spire: Kva for norske ressursar meiner de er viktigast at vi tek vare på for framtidige generasjonar?

Unge Venstre: – Alle ikkje-fornybare ressursar bør ein generelt vere varsame med å bruke av, og fornybare ressursar må haustast på ein berekraftig måte. Om ein skal dra fram ein ressurs som er særleg viktig å ta vare på i Noreg, vil eg peike på dei enorme fiskeriressursane våre. Dei har svært stor økonomisk verdi, potensialet for auka verdiskaping er enormt, og dei representerer den meste effektive matproduksjonen vi kan drive med på våre kantar. Men då må utnyttinga vere berekraftig. 

KrFU: – Materielt sett er det heilt klart naturen. Særleg jorda, som gjer det mogleg å produsere mat, og store skogsområde, som mange artar er avhengige av. I nær framtid vil også vatn bli ein ressurs som statar er viljuge til å krige for. Vi kjem sannsynlegvis ikkje til å mangle vatn i Noreg, men vi har eit ansvar for ikkje å øydeleggje menneske sin vasstilgang i andre delar av verda. Vi har også mange immaterielle ressursar som er viktige å ta vare på, til dømes kunnskap og verdiar som solidaritet, likestilling og tillit i samfunnet.

Kven er du mest einig med?

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn