Mordar eller åtseletar?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.


Debatten har lenge versert: Tyrannosaurus Rex, mordar eller åtseletar? Sjølv om forskarane har vore samd om at dinosauren åt kjøt, har dei vore usamde om korleis dinosauren har fått tak i maten sin. Spørsmålet forskarane har stilt har vore om kjempedinosauren jakta bytta sine sjølv, eller berre åt åtsel, altså allereie døde dyr.

No meiner amerikanske forskarar at dei har funne provet på at Tyrannosaurusen jakta. Ei tann frå Tyrannosaurus Rex er no funnen kilt inn i nakkevirvelen til ein planteetande dinosaur, skriv forskning.no

Tann i eit levande bein
Det oppsiktsvekkande med det nye tannfunnet, er at ein i det nyfunne fossilet kan sjå at beinet har lækja seg, i tida etter at Tyrannosaurusen sette tanna si fast der.

Dette tyder ifølgje forskarane på at kjempedinosauren har jakta og bitt ein levande dinosaur, som så har sloppe unna med livet i behald.

LES ÒG: Dinosaurane feis verda varm

Får støtte frå andre forskarar
Funna blei presentert i artikkelen Physical evidence if predatory behavior in Tyrannosaurus rex  i tidsskriftet PNAS, som er tidsskriftet til det amerikanske nasjonale vitskapsakademiet.

I eit intervju med forskning.no forklarar paleontologen Nicholas Longrich, som er tilsett ved Yale og som ikkje har vore med på studien, nett kvifor funnet av tanna er så viktig.

– Dersom T. Rex jakta andre dinosaurar, er dette nøyaktig slik bevis for det ville sett ut, seier han til vitenskapsnettstaden.

Andre forklaringar på funna ser ikkje palentologen som særleg sannsynlege.

– Den einaste andre forklaringa eg kan tenkje meg er at hadrosauren først brakk halen og så døydde seinare. Så, medan T. Rex-en åt på han beit han inn i det lækja området og brakk tanna. Det er ikkje umogleg, men for meg ser den ut som at skaden er eit direkte resultat av tanna. Eg trur den mest sannsynlege forklaringa er at dyret vert åteke av ein T. Rex og overlevde, avsluttar han. 

LES ÒG: Høgre er ein språkpolitisk dinosaur