Søkjartala er rekordhøge også i år, men ikkje alle studiar er like populære.

I april hadde Samordna opptak registrert kring 117 200 søkjarar til høgare grunnutdanning. Det tyder at dei rekordhøge tala frå året før held seg.

LES OGSÅ: Vil ha verdas største nynorske skule

Etter søknadsfristen i april har studentane hatt høve til å byte om på prioriteringane fram til 1. juli. Siviløkonomutdanninga på Norges Handelshøyskole i Bergen og jusstudiet ved Universitetet i Oslo låg på toppen av oversikta over dei oftast føretrekte studia.

Andre studium har grunn til å håpe at mange studentar har omprioritert vala sine før studiestart. Over 70 fag ved 28 ulike lærestader fekk ingen førstevalssøkjarar i første runde av Samordna opptak. Fredag vert ledige studieplassar lagt ut.

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut

Havbruk ved Universitetet i Nordland, industriell elektronikk ved Høgskolen i Narvik og bachelor i menighetspedagogikk ved NLA Høgskolen er tre av totalt 72 studieretningar ved 28 lærestader som mangla førstevalsveljarar før sommarferien, syner ein oppdatert statistikk som NTB har fått oversendt.

Fråværet av søkjarar kjem i nokre tilfelle at einskilde studium ikkje vert tilbode kvart år eller har vorte slått saman med eit anna, opplyser Samordna opptak. Høgskolen i Staffeldtsgate og Mediehøgskolen Gimlekollens fusjon inn i NLA Høgskolen i januar, førte til at sistnemnde hadde ein auke i førstevalssøkjarar frå mai 2012 til mai 2013 på 65 prosent, mest av alle lærestadene.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE