Fann nytt språk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig vekk forsvinn småspråka i verda. Språkatlaset til UNESCO syner at 2500 av verdas 6000 språk er truga. Hundrevis er allereie utdøydde. Ifølgje Forskning.no har talet på truga språk auka dramatisk dei siste åra, på grunn av raske sosiale og økonomiske endringar. Berre sidan 1950 har 230 språk forsvunne.

Nye språk er sjeldne. Men i alle fall éit språk har nyleg vakse fram, skapa av barn i ei avsidesliggjande bygd i Nord-Australia. Det skriv New York Times.

– Viktige funn
Carmel O’Shannessy er lingvist ved Universitetet i Michigan. Ho har studert ungdommen i bygda Lajamanu i Nord-Australia sitt talemål i over eit tiår. Funna hennar tyder på at unge i bygda korkje snakkar ei dialekt eller ei blanding av kreolspråk. Kreolspråk er ei form for pidginspråk, som oppstår i møte mellom folkegrupper med forskjellige språk.

I staden fann O’Shannessy at ungdommane snakka eit heilt nytt språk, med unike grammatiske reglar.

LES OGSÅ: Mykje å lære av dyrlegeforfattar

Språket har fått namnet warlpiri rampaku, og vert berre snakka av personar under 35 år i Lajamanu. Bygda ligg isolert til i Nord-Australia, og har kring 700 innbyggjarar. Kring 350 av desse har det nye språket som morsmål.

– Mange av dei første brukarane av språket lever framleis, seier Mary Laughren, som er stipendiat i lingvistikk ved Universitetet i Queensland. Laughren har ikkje vore involvert i studien.

– Ei av årsakene til at desse funna er viktige, er at O’Shannessy har hatt mogelegheita til å dokumentere eit nytt språk veldig tidleg i språket si historie, seier Laughren.

Brukar språket innbyrdes
Alle innbyggjarane i Lajamanu snakkar også vanleg warlpiri, som er eit aboriginsk språk snakka av kring 4000 australiarar. Mange snakkar også kriol, som er eit engelskbasert kreolspråk nytta av mange aboriginarar i Australia. Dei fleste ungdommane i bygda går på ungdomsskulen i ein nærliggjande by, der engelsk er språket. Dei held likevel fram med å snakke det nye språket seg imellom.

LES OGSÅ: Til kamp for det gode språket

Folk i Lajamanu blandar ofte ord frå ulike språk saman og skiftar mellom ulike språk når dei snakkar. Mange ord i det nye språket stammar frå engelsk eller kriol. Men det nye språket er likevel ikkje berre ein kombinasjon av ord frå ulike språk.

– Desse ungdommane har utvikla eit heilt nytt morsmål, stadfestar Peter Bakker, som er professor i lingvistikk ved Århus universitet i Danmark.

Ein av grunnane til at det nye språket har vakse fram, kan vere at bygda ligg isolert til. 

LES OGSÅ: Shitstorm er no eit tysk ord