Vil sparka lærarar som ikkje tek vidareutdanning
Høgre vil ha plikt for lærarar til å ta etter- og vidareutdanning.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse lærarane vil Høgre sparka
Dei som ikkje oppdaterer seg fagleg, skal mista retten til å undervisa.
Stefan Heggelund frå Høgre, som sit i utdanningskomiteen i Oslo bystyre, seier til Klassekampen at ei slik ordning vil auka statusen til læraryrket og føra til betre rekruttering.
– Det fordrar også noko frå vår side. Vi vil meir enn dobla løyvingane til etter- og vidareutdanning, understrekar han.
Han meiner det er viktig med rett og plikt for lærarar til å etterutdanna seg.
– Det er det viktigaste yrket. Lærarane utdannar framtida til landet vårt og syt for at elevane får moglegheiter i liva sine. På den måten er læraryrket unikt, seier Heggelund.
Utdanningsminister Kristin Halvorsen (SV) karakteriserer forslaget til Høgre som lite freistande og peikar på at landsmøtet til Utdanningsforbundet i vår avviste eit slikt forslag om ei sertifiseringsordning for lærarar. (©NPK)
Les fleire saker om skulepolitikk her!
Kva meiner du om forslaget frå Høgre?