Helsestyresmaktene er urolege over at norsk ungdom lir av underskot på vitamin D.

NPK-NTB
NPK-NTB

 

Undersøkinga er gjennomført blant litt over 1.000 ungdommar i alderen 15 til 18 år i eit heilt skuleår. Ho viser at 60 prosent har mindre D-vitamin i blodet enn det styresmaktene rår til. 16 prosent av ungdommane har halvparten av det tilrådde nivået, skriv Aftenposten.

Førsteamanuensis Guri Grimnes ved Universitetet i Tromsø meiner resultata gjev grunn til uro. På sikt veit ein ikkje kva mangel på vitamin D kan føra til, meiner ho. Ei eldre norsk undersøking, frå 2010, kopla mangel på vitamin D med muskel- og skjelettsmerter, hovudverk og det å vera slapp.

Overlege Haakon E. Meyer ved Folkehelseinstituttet meiner det er grunn til å sjå nærmare på kvifor så mange ungdommar har for lågt D-vitaminnivå.

D-vitamin blir produsert naturleg i kroppen når ein er ute i sola. Om sommaren er 15 minutt nok. Men om vinteren må ein vera lenger ute i sola for å produsera same mengd vitamin D. D-vitamin finst mellom anna også i feit fisk, eggeplomme og kantarell. (©NPK)Les 

Les fleire helsesaker her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE