Blinde er utestengt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle kinesiske elevar som siktar mot høgare utdanning, må gjennom den krevjande gaokao – opptakseksamenen. I årevis puggar dei målretta mot prøva, som kan avgjere framtida deira.

Men for svært mange er gaokao framleis berre noko ein kan drøyme om. Av Kinas 2000 universitet, er det berre tre som tek imot blinde studentar.

LES OGSÅ: Blind, unik og normal

Ny lov skulle sikre tilgang
Etter at millionar av kinesiske elevar tok opptakseksamen i byrjinga av juni, mottok det kinesiske utdanningsdepartmentet ein førespurnad, skriv The Economist. Avsendarane spurte kor mange studentar med synshemmingar som hadde teke eksamenen i 2008. Det året kom nemleg ei ny lov, som slo fast at eksamenen skulle bli tilbode i blindeskrift eller med munnleg hjelp til blinde. Innsendarane ville vite kvifor lova vart ignorert.

Ifølgje The Economist har Kina 22 skular for blinde, med til saman 1500 elevar. Det er ikkje mange av landets kring 17 millionar synshemma. Få av desse får grunnleggjande utdanning, og endå færre kjem seg på universitet. Myndigheitene reknar massør som eit passande yrke for blinde, og i fjor vart kring 17 000 blinde trena i massaje.

LES OGSÅ: Frå skap til skap

Nøkkelen er braille
Det kinesiske skriftsystemet gjer blindespråket braille vanskelegare å bruke for kinesarar enn andre. Der er titusenvis av teikn i kinesisk. Sjølv om teikna kan omsetjast til latinske bokstavar, misser ein mogelegheita til å skilje mellom dei mange orda som lyder likt, men tyder ulike ting. I talespråket skil kinesarane slike ord frå kvarandre ved hjelp av dei fire tonane, og i skriftspråket har kvart ord eit einskild teikn.

Han Ping, som er spesialist i blindeutdanning ved Beijing Union-universitetet, meiner likevel omsetjing av eksamenen til braille er fullt mogeleg.

– Myndigheitene burde byrje med å gjere det mogeleg for blinde studentar å ta opptakseksamen. Det burde ikkje vere noko tekniske problem med å oversetje eksamenen til braille, men universiteta og dei lokale myndigheitene manglar motivasjon til å gjere det, seier ho til The Economist.

Berre 60 studentar
I 2002 kunne den Shanghai-baserte studenten Ren Zhengshao ta eksamenen, men berre etter å ha retta ein førespurnad direkte til myndigheitene i byen. Ren og to klassekameratar vart dei første kinesiske studentane som tok eksamenen på braille. Sidan har berre 60 blinde studentar blitt teke opp ved dei tre universiteta i Kina, som tek imot blinde studentar (alle i Shanghai).

Og studentane som ba utdanningsdepartementet om svar på kor mange blinde som har teke opptakseksamenen, har fått beskjed om å spørje lokale myndigheiter i staden. Å navigere kinesisk byråkrati kan vere ei langdryg affære.

LES OGSÅ: Retten til liv